ltrl-red-full

Siste nytt

Bli med på elvefestival!

Det fantastiske Vossovassdraget blir feira med eigen festival siste helga i august. For alle som enten berre er nyskjerrige eller allereie er elve-fans!

Blogg arkivet

Lesarinnlegg: Voss – bygd av ekte ressursar

16/09/2016

Margrethe Alm: Me har trua på at dei folkevalde klarar å sjå at Voss har klart å trekkja til seg kompetanse på grunn av den urørte naturen vår. Naturen har spelt på lag med kommunen. No må kommunen spela på lag med naturen.

Lesarinnlegg: Våte draumar og glatt debatt

14/09/2016

Silje Skorve Paulsen: Om me klarar å investera i og ta vare på naturen vår, vil eg seia at Voss framleis er verdas råaste plass å leva. Det vil sikkert fisken også tenkja, men det skal eg ikkje lata som eg veit noko om.

Lesarinnlegg: Flaumar på nytt

07/09/2016

Trygve Refsdal: I tillegg vil skog og ein rikare markvegetasjon, strølag og jordsmonn gje oss ei større evne til å ta i mot høg nedbør og halda på vatnet ei tid. Også det vil virka dempande på flaumtoppar.

Snakk om ver. Snakk om bilen din.

18/02/2016

Det som ikkje går an, er å krevja vassdragsutbygging i Raundalselva, og stormannsgalne lange avlastingstunnelar til Hardangerfjorden eller hasardiøs flaumsenking av sjølve Vangsvatnet. Truleg kan ein enkel, kort flaumsenkingstunnel i eit stutt parti frå Lilandsosen og mot Seim avlasta nok, når Vosso frådar over. Vi har ansvar for vassdraga rundt oss, og vi har ansvar for den laksestamma som symde hit opp og gyta, lenge før menneska kom.

Natur Vest: Verneverdig vassdrag foreslått utbygget

23/01/2016

Kraftselskapa drøymer om at Noreg skal bli Europa’s grøne batteri. I realiteten utgjer den totale norske vasskrafta berre ein prosent av energibehovet i Europa, men argumentet vert likevel brukt for å bygge ut fleire av våre små og store vassdrag, også dei som er verna.

Raundalselva på TV i Sveits

18/06/2014

Nok eit program der Raundalselva har ein sentral rolle vert vist på TV i Sveits. Her er den spennande traileren:  

Voss kåra til ein av verdas beste vårdestinasjonar!

13/06/2012

National Geographic meiner Voss er ein av dei beste vårdestinasjonane i verda. Dei anbefalar rafting i Raundalselva! Sjå artikkel her

Raundalselva frå topp til botn

11/06/2012

Engelskmannen Andy Phillips er av dei som har vortne lokka til Voss av Raundalselva. Han har vore tilsett på Voss Rafting Senter i sommarhalvåret medan han på vinteren har valfarta…

Dobbel verdsmeistar padlar for Raundalselva

04/10/2011

Årets verdsmeistarskap i brattpadling vart for andre år på rad vunnen av Sam Sutton frå New Zealand. Det gler mang ein vernar å sjå at stjerna padlar med Vern Raundalselva…

Utsetjing av laks i Raundalselva

31/08/2011

Tysdag 30.08.11 var eg så heldig å få vere med Voss Klekkeri på utsetjing av lakseyngel i Raundalselva. Voss Klekkeri får egg frå ein levande genbank i Eidfjord, som leverer egg…