ltrl-red-full

Siste nytt

Ny melding for Nasjonal verneplan: EMK ofrer ALLE vassdraga våre!

I samband med ny Flom- og skredmelding har Stortingets Energi- og miljøkomite (EMK) gått hardt ut mot verneplanen vår. Forslaget, som opprinneleg kom frå FRP, fekk fleirtal og skal vidare stemmast over på Stortinget 11. februar:

Blogg arkivet

Multiconsult: Flomsikring i Vossovassdraget

07/12/2016

Multiconsult har utarbeida moglegheitsstudie for flomsikring i Vossovassdraget. Dei tek for seg effekt og kostnad av tiltak som skal dempa flaumtoppane i vassdraget.

Les meir

Store elvar og menneskeskapte verdiar

30/11/2016

Før ein bestemmer seg for store forsøk på å kontrollera vatn i bevegelse, bør ein då ikkje snu kvar stein og sjå på både enkle, mindre tiltak og potensiell reversing av tidlegare påfunn?

Les meir

Lesarinnlegg: Hei, Tom!

28/11/2016

Dag Sandvik: Leik i naturen og utvikling i Raundalen. Kvifor skulle det vera ei motsetjing?

Les meir

Lesarinnlegg: Naturen kan leva utan oss – men me kan ikkje leva utan naturen

27/11/2016

Toril Hunnålvatn: Me har ansvar for å ta naturen og komande generasjonar på alvor. Å verna naturen – denne gongen Raundalselva – er ikkje for å skaffa våre born ein arena for padling eller anna, men for å gje våre etterkomarar ein haldningarv – verd meir enn noko anna. Lovfesta naturvern er jo eit tiltak for å verna naturen mot – nettopp oss menneske.

Les meir

Lesarinnlegg: Våte draumar og urørte vassdrag

24/11/2016

Gudmund Skjeldal: Naturens eigne hender har ein verdi. Å ana korleis ei elv har filt seg ned i berget, litt og litt, gjer ein klokare på kva tid – og tolmod­ – er. Mennesket er mektig med sin oppfinnsame hjerne og sine dyktige hender, men mennesket er også ein liten maur. Brått er vi viska bort. Vi har berre kloden til låns. Set vi oss heilt til herre over naturen, slår han tilbake mot oss.

Les meir
Voladammen

Flaumsikring eller kraftutbygging?

23/11/2016

Matias Ringheim: Restar av norsk vassdragsnatur vart berga etter den omfattande kraftutbygginga i forrige århundre. Det vart gjort eit skikkeleg registeringsarbeid. Både kraftpotensiale og andre viktige verdiar knytte til vassdraga vart kartlagde.

Les meir

Lesarinnlegg: Urørt natur er livskvalitet

21/11/2016

Ragne Elise Berre: Det vil vere så utruleg trist om Voss kommune, ein kommune som marknadsførar seg som bygda for dei sterke opplevingane, og som brukar bilete av aktivitetar i natur som marknadsføring for alt det er verdt, skulle verte kommunen som går inn for å oppheve varig verna natur!

Les meir

Bærekraftig flomsikring

16/11/2016

Naturvenlege måter å flomsikre bygda på – sjå lettfatteleg og lærerik video om floodplains her.

Les meir

Lesarinnlegg: Lat oss jobba saman for Voss

16/11/2016

Dag Sandvik: Me er mange som elskar Voss, og me er mange som elskar bygda på grunn av naturen. Me ynskjer å bidra til Voss sitt beste. Lat oss finna den løysinga me alle kan kjempa for. Den kan me finna om me tek oss bryet med å snakka, tenkja og jobba saman.

Les meir

Modell for flomsikring – Beregning av flomvegar

16/11/2016

Arealplanlegging som forebygging mot flom krev kunnskap om flommen sine vegar. Slik kan ein også gjere effektive sikringstiltak uten å skada naturen meir enn naudsynt.

Les meir