Siste nytt
Voss Herad går for flaumsikring utan kraftutbygging
Etter grundige utgreiingar har kommunestyret i Voss Herad vedteke retninga for flaumsikring i Vossavassdraget. Flaumtunnellar og kraftutbygging er ikkje ein del av planen vidare.
Blogg arkivet
Skog og flaumdemping
Trygve Refsdal: Kanskje me også på Voss bør setja pris på naturområda våre, og ikkje berre tenkja på teknikk, tunellar og dammar. Om dei tala som våre flaumutgreiingar byggjer på skulle vera rette, så vil skoggrensa stiga med om lag 600 høgdemeter fram mot år 2100. Om så skjer, så vil tilgroinga koma naturleg. Heilt gratis. Fyrst vier, selje og rogn, så bjørk og fure og gran, kanskje mest av det siste.
Les meirMulticonsult: Flomsikring i Vossovassdraget
Multiconsult har utarbeida moglegheitsstudie for flomsikring i Vossovassdraget. Dei tek for seg effekt og kostnad av tiltak som skal dempa flaumtoppane i vassdraget.
Les meirStore elvar og menneskeskapte verdiar
Før ein bestemmer seg for store forsøk på å kontrollera vatn i bevegelse, bør ein då ikkje snu kvar stein og sjå på både enkle, mindre tiltak og potensiell reversing av tidlegare påfunn?
Les meirLesarinnlegg: Hei, Tom!
Dag Sandvik: Leik i naturen og utvikling i Raundalen. Kvifor skulle det vera ei motsetjing?
Les meirLesarinnlegg: Naturen kan leva utan oss – men me kan ikkje leva utan naturen
Toril Hunnålvatn: Me har ansvar for å ta naturen og komande generasjonar på alvor. Å verna naturen – denne gongen Raundalselva – er ikkje for å skaffa våre born ein arena for padling eller anna, men for å gje våre etterkomarar ein haldningarv – verd meir enn noko anna. Lovfesta naturvern er jo eit tiltak for å verna naturen mot – nettopp oss menneske.
Les meirLesarinnlegg: Våte draumar og urørte vassdrag
Gudmund Skjeldal: Naturens eigne hender har ein verdi. Å ana korleis ei elv har filt seg ned i berget, litt og litt, gjer ein klokare på kva tid – og tolmod – er. Mennesket er mektig med sin oppfinnsame hjerne og sine dyktige hender, men mennesket er også ein liten maur. Brått er vi viska bort. Vi har berre kloden til låns. Set vi oss heilt til herre over naturen, slår han tilbake mot oss.
Les meirFlaumsikring eller kraftutbygging?
Matias Ringheim: Restar av norsk vassdragsnatur vart berga etter den omfattande kraftutbygginga i forrige århundre. Det vart gjort eit skikkeleg registeringsarbeid. Både kraftpotensiale og andre viktige verdiar knytte til vassdraga vart kartlagde.
Les meirLesarinnlegg: Urørt natur er livskvalitet
Ragne Elise Berre: Det vil vere så utruleg trist om Voss kommune, ein kommune som marknadsførar seg som bygda for dei sterke opplevingane, og som brukar bilete av aktivitetar i natur som marknadsføring for alt det er verdt, skulle verte kommunen som går inn for å oppheve varig verna natur!
Les meirBærekraftig flomsikring
Naturvenlege måter å flomsikre bygda på – sjå lettfatteleg og lærerik video om floodplains her.
Les meirLesarinnlegg: Lat oss jobba saman for Voss
Dag Sandvik: Me er mange som elskar Voss, og me er mange som elskar bygda på grunn av naturen. Me ynskjer å bidra til Voss sitt beste. Lat oss finna den løysinga me alle kan kjempa for. Den kan me finna om me tek oss bryet med å snakka, tenkja og jobba saman.
Les meir