Aktuelt
Raundalselva på TV i Sveits
Nok eit program der Raundalselva har ein sentral rolle vert vist på TV i Sveits. Her er den spennande traileren:
Les merVoss kåra til ein av verdas beste vårdestinasjonar!
National Geographic meiner Voss er ein av dei beste vårdestinasjonane i verda. Dei anbefalar rafting i Raundalselva! Sjå artikkel her
Les merRaundalselva frå topp til botn
Engelskmannen Andy Phillips er av dei som har vortne lokka til Voss av Raundalselva. Han har vore tilsett på Voss Rafting Senter i sommarhalvåret medan han på vinteren har valfarta til andre verdsdelar med elvekajakken sin. No har han slått seg ned på Voss og har fast jobb i Nordsjøen. Med denne videoen kan me…
Les merDobbel verdsmeistar padlar for Raundalselva
Årets verdsmeistarskap i brattpadling vart for andre år på rad vunnen av Sam Sutton frå New Zealand. Det gler mang ein vernar å sjå at stjerna padlar med Vern Raundalselva klistremerket som han fekk under ekstremsportveko på Voss i år. Sutton har reist verda rundt for å oppleva ulike elver og dette er kva han…
Les merUtsetjing av laks i Raundalselva
Tysdag 30.08.11 var eg så heldig å få vere med Voss Klekkeri på utsetjing av lakseyngel i Raundalselva. Voss Klekkeri får egg frå ein levande genbank i Eidfjord, som leverer egg frå den særskilte Vossolaksen som høyrer heime i Vossovassdraget. Kvar elv har sin særskilte laksestamme, og Vossolaksen er kjend for å vere truleg verdas største…
Les merNorges Naturvernforbund inspiserer Raundalselva
Norges Naturvernforbund inspiserer Raundalselva På tysdagen i Ekstremsportveko fekk leiar i Noregs Naturvernforbund seg ein padletur for å sjå den vakre elva på nært hold. Han vart ikkje mindre motivert for å fortsetja arbeidet med vern etter turen med Dag Sandvik i Kayak Voss. Sjå bileta frå turen:
Les merDebatt om Vassdragsvern
Debatt om Vassdragsvern Kampanjen Redd Elvene arrangerte i dag debatt om vassdragsvern i Voss kulturhus. Dei inviterte debattantane var – Lars Haltbrekken, leiar i Naturvernforbundet – Sigbjørn Hauge, varaordførar i Voss – Bjørn Lødemel, Stortingsrepresentant i Energi- og miljøkomiteen frå Høgre – Sven Anderssen, Generalsekretær i Padleforbundet Diverre vart panelet noko skeivt då varaordførar Sigbjørn…
Les merPå tur langs Raundalselva
I dag gjekk Lars-Georg seg ein tur langs elva med vår 3 mnd gamle son. Lars-G har nettopp lært seg ein foto-teknikk som han ville prøva ut, og det manglar ikkje på flotte motiv i denne dalen! Til informasjon var vannstanden 60 m3/sek. HDR-bilete, teke frå hengebrua på Skiple. Skipadalsnuten (1496 moh) ruver i bakgrunnen: Lindbergshølen på Urdland: Emil…
Les mer