Siste forskning: Voss kan sikrast mot flaum utan tunnel!
Dette var konklusjonen til Norce, som har utarbeida den siste rapporten om flaumsikring i Vossavassdraget (2024).
Samandrag
Voss Herad gjer for tida mykje godt arbeid med flaumsituasjonen og har allereie gjennomført fleire sikringstiltak. Samstundes har det kome meir forskning og kunnskap om flaumhandtering dei siste åra. Klima- og miljørådgjevar Lina Hamre søkte i 2023 om midlar for å utgreia om nettopp naturbaserte flaumtiltak ville ha noko for seg i Vossavassdraget.
Sjå heile rapporten her:
Det var altså Norce som fekk oppdraget, og rapporten deira viser tiltak som til saman vil gjere det mogleg å leve med flaumar i vossavassdraget, inkludert klimapåslag.
Tiltaka har avgrensa effekt kvar for seg, men til saman vil dei kunne hindra flaumane i å gjere store skadar på infrastrukturen vår. Her er prinsippa som kan gjerast i kombinasjon med kvarandre:
- Bevara gjenværande flaumsoner og elveløp med deira flaumkapasitet og naturverdier.
- Der mogleg: Elverestaurering med utvidelse av flaumsona for å auke hydraulisk kapasitet.
- Gi meir plass til vatnet (til dømes fjerne massar)
- Halde igjen vatn (til dømes i Strandaelva ved reversering av Myrkdalsvatnet-senkinga)
- Flytta utsett busetnad på Vangen og Evanger, evt heva terreng/ heva husa
- Ha gode beredskapsplanar for kva som skjer når storflaum vert varsla.
- Lokale tiltak som flaumvegger, pumpesystem og tilbakeslagsventilar
- Ta omsyn til vassdrag og flaumsoner i arealplanlegginga!
Desse tiltaka kan også gjerast over tid, slik at me vert meir og meir flaumsikre etter kvart som klima og flaumane forverrar seg.
Kva med flaumtunnelar?
Flaumkoordinator Bjørg Lirhus Ree og teknisk sjef i Voss Herad Hans-Erik Ringkjøb presenterte rapporten på forrige møte i Utval for klima- og miljø. Flaumkoordinatoren har sjølv vore på studietur til Sveits og sett korleis dei lever med flaumane der, med mange ulike tiltak. Ho fortalde om flaumtunnelane ho fekk sjå, og om kor valdsamt store desse inngrepa vil vere i vassdraget vårt.
Det er fleire problem med slike flaumtunnelar, og eit av dei er den enorme kostnaden. Voss Herad er ikkje einaste kommunen som treng støtte frå storsamfunnet til flaumsikring.
Her kan du sjå presentasjonen frå Voss Herad:
Og kraftutbygging?
Ringkjøb var tydeleg på at dersom me skal prøva å få konsesjon til krafutbygging i samband med flaumdemping, så må dette gjerast ved hjelp av demningar, då elvekraftverk ikkje vil ha flaumdempande effekt i Raundalselva. Dersom me les forskninga så ser me at heller ikkje demningar har like stor effekt for dei verkeleg store flaumane. Slik viser Stortingsmeldinga “Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred” til NVE når det gjeld dette:
Regulering av eit vassdrag hindrar ikkje flaum, men det kan dempe flaumen. Dette gjeld særleg dei mindre flaumane, og i størst grad om våren og sommaren når magasina vanlegvis er låge etter vinteren. Dempingsevna er minst for dei største flaumane (NVE, 2021c).
I Vossavassdraget har dei store flaumane til no kome på hausten når magasina er fulle for å ha nok straum til vinteren. Slike enorme miljøinngrep som oppdemming av elver kan uansett ikkje lengre forsvarast. No veit dessutan alle at flaumproblema til Voss kan løysast med realistiske og meir miljøvenlege grep.

Etter 10 år med debatt om utopiske flaumtunnelar kan me forhåpentligvis konsentrera oss om å bygga trygt samfunn omslutta av frisk og sunn natur!


