Raundalselva tidslinje

1963: Studeieselskapet Norges Vannkraft lanserer planar for utbygging av Raundalselvi og Strandavassdraget. Kommunestyret på Voss vedtek å samarbeida med BKK for å utarbeida framlegg til konsesjonssøknad.

Utgreiingar og debattar mellom utbygging og vern preger vestlandet i over 20 år

1986: Stortinget verner Vossovassdraget i verneplan lll. Vernelaget for Vossovassdraget vert gjort om til Voss naturvernlag.

April 2010: Voss kommune, Bkk og Voss energi legg fram ein rapport som viser ulike forslag til utbygging av Raundalselva. Frå Voss kommune si side var det dåverande ordførar Gunn-Berit Lunde og rådmann Einar Hauge som var initiativtakarar.

Protestar, debattar og demonstrasjonstog gjennom Voss sentrum. Sjå video her.

Mai 2010: Kommunestyret satt ned "Raundalsutvalet" - eit utval som skulle sjå på utbygging og verdiskaping i Raundalen. På bakgrunn av dette fekk dei gå vidare med saken om å få oppheva vernet, med knapt fleirtal. Ordførarens eige parti, AP, var sterkt splitta i saken. Utvalet som vert sett ned skal gjennomføra 4 gruppemøter og leggja fram ein sluttrapport til våren 2011.

Mars 2011: Rapporten frå Raundalsutvalet er offentleggjort og ikkje uventa er konklusjonen at representantane frå kraftselskapa, grunneigarane i dalen og ordføraren tilrår kraftutbyggjing i Raundalen.

Mai 2011: Voss kommune vedtek å gå jobba vidare med å få oppheva vernet i Raundalselva slik at den kan byggjast ut. Styret var splitta på midten og vedtaket vart avgjort med ordførarens dobbelstemma. Dersom oppheving av vernet lukkast står også resten av den nasjonale verneplanen i fare for å rakne. Ingen av dei norske elveperlene kan vere trygge. Bergens tidene har skreve denne artikkelen om saka.

Juni 2012:Ny ordførar Hans-Erik Ringkjøb får aksept for eit forslag om at saka om kraftutbygging i Raundalselva skal sendast over til sentrale myndigheiter. Sidan elva er verna reknar ein med at saka er avslutta.

Konflikten mellom grunneigarar og elvebrukarar er ikkje avslutta. Bomvegar ned til elva og til populære turar i dalen vert stengde, padlarar får beskjed om at ein ikkje er ønska i dalen.

Oktober 2014 - FLAUM: Voss Kommune vert ramma av storflaum for fyrste gong på lang tid. Kommunen var ikkje forberedt og det resulterte i store skadar på bygg og infrastruktur.

2014-2017: Debatten om kraftutbygging blussar oppatt når kraftselskapa lanserer gullpakka: BKK skal flaumsikra Voss dersom dei får bygge ut elva. Det vert no eit større engasjement i kommunen for å bygga ut elva. Dei som er i mot utbygging vert klandra for å vere i mot flaumsikring. Næringslivsaktørar som har vore tydelege i mot kraftutbygging tidlegare vert no stille, dei får problem ved å uttala seg. Naboar og familiar i Raundalen vert splitta. Frivillige organisasjonar på Voss jobber på spreng for å finna riktige fakta om flaumsikring, og opplysa folk om dei umistelege verdiane i vassdraget vårt.

2017: Ordførar Hans-Erik Ringkjøb uttalar seg til lokalavisa at han vil gå for BKK sitt forslag om å bygga ut Raundalselva. I det raudgrøne samarbeidet på Voss har SV ei sterk stemme i saka, og klarar å få fram at debatten om kraftutbygging går ut over framdrift i flaumsikringsspørsmålet. Kommunestyret vedtek å utgreia flaumsikring utan å blanda inn krafutbygging som finansiering i fyrste omgang.

2020: NVE lanserer rapport om at det mest effektive tiltaket for flaumsikring i Vossavassdraget er “vatn ut av vassdraget”, enorme flaumtunnelar, med prislapp på over 5 milliardar. Debatten om kraftutbygging som finansiering blussar opp att. Ein klarar likevel få eit politisk fleirtal om å sjå vidare på lokale sikringstiltak som er moglege å gjennomføre, sidan spørsmålet om kraftutbygging er eit sidespor som tek lengre tid og skapar polarisering.

2022: Ny storflaum! Denne gongen er kommunen betre forberedt og det vert lite skadar. Den einaste staden der det verkeleg er fare for liv og helse, der folk må evakuere frå heimen sin, er Teigdalen - ei kraftig utbygd elv på Evanger. Evanger Kraftverk er eit av BKK sine største kraftverk i Noreg.

2024: NORCE lanserer rapport som viser at ei rekke tiltakspakker kan til saman flaumsikre Voss, på meir skånsame og billegare måtar enn flaumtunnelar. Desse kan gjerast over tid, og vil flaumsikre Voss inkludert 40% klimapåslag. Rapporten vert teken godt i mot av miljøorganisasjonar, sjølv om den inneber nokre inngrep i naturen. Voss Naturvernlag arrangerer foredrag med prosjektleiar Ulrich Pulg, og flaumdebatt. Sjå meir her: https://naturvernforbundet.no/hordaland/presentasjonar-fra-natur-og-flaumkveld/

På Voss ser det ut til at me klarar å samla oss, og me byrjar å håpa at samfunnet kan få ro rundt flaumsikring i eit varig verna vassdrag.

2025: Stortinget vedtek å løsne på verneplanen. Ikkje berre for å gjere det enklare å bygge ut i samband med flaum. Organisasjonane som er for vern forbereder seg no på nye rundar. Både historien og dagens debattklima viser at om politikarane får bestemma så kjem vassdraget til å bli bygd ut, bit for bit. Sjå oppsummering her: https://naturvernforbundet.no/hordaland/uthulet-vassdragsvern/