Ein god retning for flaum og beredskap på Voss
Etter grundige utgreiingar har kommunestyret i Voss Herad vedteke retninga for flaumsikring i Vossavassdraget. Flaumtunnellar og kraftutbygging er ikkje ein del av planen vidare.
Lokalavisa har skrive ein artikkel om møtet her: https://www.avisa-hordaland.no/urealistisk-med-flaumtunellar-no-gar-voss-alternativ-veg-for-a-sikra-mot-flaumrisiko/s/5-132-918939
Nasjonal verneplan for vassdrag er svekka
Stortingsmeldinga som vart vedteke 11. februar laga eit stort hol Nasjonal verneplan for vassdrag. Eigentleg var dette ein lenge etterlengta melding om korleis forebygga flaum- og skredfare, men på berre ei veke fekk Energi- og miljøkomiteen inn ei setning som seier at dersom samfunnsnytten er betydeleg og miljøkonsekvensane akseptable så kan ein bygge vasskraft i verna vassdrag. I praksis er det samme vurdering som vert gjort i alle elver, også dei som ikkje er verna. Endringa møtte massiv motstand både nasjonalt og internasjonalt, og på berre ei veke fekk ein mobilisert organisasjonar med til saman over ein million medlem, til demonstrasjonar over heile landet. I forkant av vedtaket laga me dette innlegget her: https://raundalselva.com/aktuelt/ny-melding-for-nasjonal-verneplan-emk-ofrer-alle-vassdraga/
Raundalselva er meir utsatt i framtida, men trygg for no
Endringa i Stortingsmeldinga gjorde at Raundalselva stod endå svakare i flaumdebatten. Men i mai 2025, etter mange år med sterkt engasjement og debatt om korleis handtera klimaendringane, har Voss Herad altså landa på den mest bærkraftige løysinga for både naturen og samfunnet vårt. Det ser ut som lokalpolitikarane på Voss har meir kunnskap om klima og natur enn stortingspolitikarane!
Det vil nok alltid vere ein og annan luring som ropar at det er på tide å bygge ut Raundalselva, med nye og gamle argument om skånsam utbygging og at me treng meir straum. Men då er det godt å vita at elva har kunnskapen på si side, saman med ein stor arme som er klare for å beskytta ho. Dersom du vil motta informasjon om neste gong ho står i fare kan du legga inn epostadressa di her: https://raundalselva.com/la-elva-leve/
Obs: Andre vakre elveperler som har fått vernet sitt svekka er til dømes Vefsna, Sjoa og Driva, og er verd å følge med på.
