flomvoller

Flomsikring i Vossovassdraget – moglegheitsstudien

Multiconsult har utarbeida moglegheitsstudie for flomsikring i Vossovassdraget. Dei tek for seg effekt og kostnad av tiltak som skal dempa flaumtoppane i vassdraget. Rapporten peker også på konsekvensar for miljø og samfunn, og kva som evt må utgreiast nærare. Konsulentane viser til 4 område som vil ha mest effekt å gjere tiltak i:

Tiltak 1-4: Overføringstunnel frå Raundalselva til Hardangerfjorden

Her er elva verna, og alternativa omfattar overføring av vatn til anna vassdrag/fjordsystem. Tunnel frå Reime vil ikkje ha nok flaumdempande effekt, men kan gjerast saman med andre tiltak. Dersom ein også innstallerer kraftverk kan det tenkjast å ha ein positiv nytteverdi (sjå nederst). Produkson av vannkraft gjer at vatnet må gå i tunellane og ut i fjorden heile året. Dette følger med seg negativ konsekvens for følgande punkt:

  • Vassforsyning/drikkevatn på Voss
  • Biologisk mangfald
  • Friluftsliv – jakt, fiske, elvesport og turopplevingar
  • Reiseliv
  • Marine plante- og dyremiljø i fjorden

Tiltak 5: Overføringstunnel frå Vangsvatnet til Fyksesund

Dette alternativet vert oppført med betre flomdemping og mindre konsekvensar enn tiltaka i Raundalselva. Ein trur ikkje at kraftutbygging vil gi positiv nytteverdi her.

Tiltak 6: Overføringstunnel frå Lilandsosen (Bulken) til Evanger og Bolstadfjorden

Små eller ingen konsekvensar for reiseliv og friluftsliv men truleg noko for biologisk mangfald.

Tiltak 15: Flomvollar

Viser at bebyggelse på Vangen unngår oversvømmelse ved Q200+40% klimapåslag. Lite negative konsekvensar, men vassforsyning må utgreiast. Vil kun sikre bebyggelse der flomvollane vert oppretta, ikkje nedstraums. Oppført som billegaste tiltaket. Nokre illustrasjonar på korleis det kan sjå ut er tekne med i rapporten:
flomvoller-parkSjå forøvrig andre eksempel på flaumvollar her: Vollar som lokal flaumsikring

Tiltak 7-14 og 16-18 vil gi mindre dempande effekt så lite utgreia.

Om kost/nytte vurderinga

Byggekostnader for dei ulike tiltaka kan du sjå på s. 6 i rapporten. For å ende med positiv nytteverdi må ikkje tiltaket koste meir enn skadekostnadene ved storflaum. Dei tiltaka som med 40% klimapåslag vurderast dyrare enn skadeomfanget vil altså havne på ein negativ kost/nyttte vurdering. Dersom ein legg inn kraftverk er det tenkt at dette skal tjene inn ein del av kostnadene til tunnelen og såleis havne på ein positiv nytteverdi. Tal på forventa kraftinntekter, eller kor mange års kraftproduksjon ein ser for seg før det vert økonomisk nyttig, er ikkje nevnt. På s. 111 i rapporten kan du lesa at faktorar som helse, miljø, kulturminner, friluftsliv og samfunnseffekt er ikkje tekne med i kost/nytte-vurderinga.

Når du har lest dette om kost/nytte, sjå heile rapporten her: Flomsikring-Vossovassdraget-Multiconsult.pdf

Har Multiconsult sett på alle moglegheiter?

Fleire stader i verda har erfaring med flom, og løyser dette på ulike måtar, gjerne fleire tiltak som saman dempar flomtoppane. Fleire bekker små gjer ei stor å heiter det. Her er noko inspirasjon, fleire videoar med same tema: https://www.youtube.com/watch?v=rAQu-3L-2VI&t=9s