Raundalsutvalet
Raundalsutvalet – Kronikk i avisa Hordaland 26.03.2011
Raundalsutvalet skal no levere sin rapport om vern eller kraftverk i Raundalselva, og det er difor på sin plass å reflektere litt over kva ei slik utgreiing kan bidra med. Utgreiingar av ulike slag er viktige delar av politikk og forvaltning på lokalt og nasjonalt plan. Sjølv om slike utgreiingar kan vere ukompliserte i enkelte høve viser kraftlinjene som skal gå gjennom Hardanger og utgreiinga om oppheving av vernet av Raundalsvassdraget, problema knytt til utgreiingar av komplekse saker. Mi hensikt med innlegget er ikkje å konkludere med kva som er rett og gale i høve til Raundalselva eller verneplanen for norske vassdrag. Målet er å vise til nokre av dei problema som er knytt til slike utgreiingar, og kvifor dei kan komme til kort i komplekse og konfliktfylte spørsmål.
Ein kan grovt sett sjå på slike utgreiingar med to ulike perspektiv. Den klassiske måten å sjå ei slik utgreiing på er å vurdere det som eit reint objektivt, fagleg arbeid som tar sikte på å gje eit best mulig svar på eit gitt spørsmål. Utgreiinga som vart gjort i samband med om ein vil ha luftspenn i Hardanger eller ikkje kunne gje inntrykk av å strekke seg mot ein slik modell. Ein satt att med inntrykket av at ei gruppe forskarar og fagfolk hadde forsøka å gje ei mest mulig presis vurdering av saken. Dessverre debatterte ein ikkje i særleg grad premissa for utgreiinga. Ein utgreia kostnadene med luftspenn kontra sjøkabel, men fekk ein svar på kvifor ein ikkje utgreia Naturvernforbundet sitt forslag om energiøkonomisering i Bergen? Utgreiingar av denne typen vil ikkje gje gode svar på kvifor ein skal utgreie noko og ikkje noko anna, og skjuler difor politiske vurderingar bak komplekse utrekningar. Den tilsynelatande objektive og vitskapelege karakteren til slike utgreiingar kan fordekke viktige politiske spørsmål, og ha eit innebygd fortrinn for eit gitt politisk standpunkt. I verste fall kan slike utgreiingar komme som eit svar på eit ynskje om å rasjonalisere ein gitt politikk. Om det er politisk vilje til å bygge luftspenn, kan ein økonomisk modell for utgreiing gi ryggdekning for eit vedtak om å bygge det rimelegaste alternativet. Det kan godt tenkjast at det er rett å legge kraftlinjer gjennom Hardanger, men med denne type utgreiingar opnar ein ikkje opp for at den offentlege debatten kan vere med å setje premissar for kva ein skal gjere. Slik skapar ein konfliktar.
Som eit alternativ til denne måten å utgreie på har ein forsøkt seg med andre opnare former for utgreiing. Ideelt sett ynskjer ein å opne opp prosessen for å kunne handsame spørsmål om kva ein faktisk skal utgreie, kva verdiar som skal leggjast til grunn og kven som skal vere med. På denne måten ynskjer ein å få fram dei konfliktane som finst, vise tydeleg kvar ein gjer subjektive vurderingar og få fram kunnskap gjennom dialog. På denne måten gjer ein utgreiingsprosessen til gjenstand for kritikk, noko som gjer at ein sit att med meir robuste konklusjonar og større grad av einigheit om konklusjonane.
I tilfellet med utgreiing av vern eller ikkje vern av Raundalselva, gjorde initiativtakarane eit positivt grep ved å forsøke seg på ein slik open modell for utgreiing. Dei opna for å ta inn alle vedrørte grupper til dugnadssamlingar for å gjere ein brei vurdering av konsekvensar ved av-verning og eit eventuelt kraftverk.. Kvifor mislukkast dette?
Første skjær i sjøen var at ein ikkje vann tillit hjå den store gruppa av verneinteresser. Utgreiinga skulle ha med seg naturvernarar, elvesportmiljøet, reiselivet, jeger- og fiskeinteresser, ekstremsportveko og representantar for turgåarar. Av desse fekk ein kun med seg ein einskild representant frå rafting selskapet. Alle andre valde å takke nei. Problemet ved tilnærminga til dei som danna Raundalsutvalet var todelt. Først av alt alt hadde ein danna ei styringsgruppe som vart ei gruppe mot vern og for kraftverk. Dette er ikkje kontroversielt å seie då det på møta for styringsgruppa berre vart slept til 1 tilhengar av vern ilag med 8 som ynskja kraftverk. Sjølv om det var 5-6 ulike grupperingar med brei støtte i lokalsamfunnet og svært ulike grunnar til å ynskje vern av elva, vart desse redusert til ein representant. Om fleire av verneinteressene skulle ynskje å vere med var det altså ikkje plass til dei. Dette problemet vart ytterlegare forsterka av at utgreiinga skulle gje ei tilråding som vert basert på fleirtalet i gruppa, eit fleirtal sett saman av kraftverkstilhengarar. Hovudkonklusjonen såg for verneinteressene ut til å vere gitt før utgreiinga starta, noko som stogga tillit og open dialog, noko ei slik utgreiing skal ha.
Ein har altså fått store problem med den i utgangspunktet opne og demokratiske modellen som ein starta med. Samansetjinga og formålet med Raundalsutvalet har mest sannsynleg feila i å frambringe dei positive konsekvensane ei slik utgreiing kan ha. Ein har ikkje klart å skape ein dialog og ein har ikkje opna for ein prosess der kunnskap om vern eller ikkje vern av elva kan diskuterast frå ulike perspektiv. Rapporten må difor sjåast som ei utgreiing, tufta på eit ynskje om å bygge kraftverk i Raundalen.
Alt dette betyr ikkje at rapporten vert verdilaus. Rapporten til Raundalsutvalet vil nok innehalde mykje bra utgreiingsarbeid av sjølve kraftverket og alle potensielle positive verknader. Dessverre trur eg rapporten vil hevde å kunne gje eit godt svar på om ein skal gå vidare med saka eller ikkje. Gjennom å omtale verneinteressene frå eit utbyggarperspektiv kan slike utgreiingar skape inntrykk av å tatt inn over seg kompleksiteten i saken. Om ein skal vere skikkeleg pessimist kan ein sjå for seg ein rapport som både hevdar å ha utgreia godt om negative konsekvensar og å ha gått i dialog med verneinteresser. Eg vonar eg tek feil, men eg er uroa på grunn av fleire ting.
1.Då delar av rapporten vart referert til i «Hordaland» vart det referert til ein imponerande sum som skulle komme lokalsamfunnet tilgode ved bygging av kraftverk. I reknestykket kunne det sjå ut som om ein ville gje fleire millionar for å betre høva for rafting. I røynda er dette omrekna verdi av å sleppe litt ekstra vatn etter ein hypotetisk bygging av kraftverk. Å redusere vassmengda i turbinane vil vere eit tap for Voss Energi, men det tilfører ikkje elvebrukarane noko verdi. Det vil kun redusere tapet for dei som bruker elva. Feilrapporteringa kan komme både av medviten manipulering av tal i rapporten, eller slurv hjå «Hordaland» sin journalist.
2. Gjennom verv i Noregs Padleforbund har eg vorte nøydd til å handsame fleire vasskraftsaker i heile landet, og har etterkvart komme over mykje dårleg utgreiingsarbeid. Nyleg måtte me byrje arbeidet med å klage inn feil i ei sak i Gudbrandsdalen der utgreiar hevda at elva kun sporadisk vart brukt til elvesport. For å seie noko slikt om ein av dei mest brukte elvene i Gudbrandsdalen, hadde selskapet Multiconsult intervjua eit veldig lite og veldig rart samansett utval av personar. Resultatet vart at dei talfesta veldig grundig kva positive verknader kraftverket kunne ha, medan skadeverknadene fekk langt mindre plass i tillegg til å vere basert på eit sviktande metodisk grunnlag.
Rapporten kjem og det er bra. Ein har gjennomgått eit grundig arbeid på nokre felt, og det er viktig for politikarar, journalistar og engasjerte menneske i Voss Kommune å ta til seg det som faktisk er gjort. Men me må gjere dette med eit kritisk blikk. Ein må spørje seg kva som er utgreia og endå viktigare kva som ikkje er utgreia. Ein må hugse at reknestykke og økonomiske modellar kan skjule politiske problemstillingar. Kva har ein talfesta og kva har ein ikkje talfesta, og korleis er dette gjort? Ein bør spørje seg om det er klare samanhengar mellom kven som har leia arbeidet og kven som tener på konklusjonane. Slike samanhengar bør det kanskje ikkje vere om ein skal ta konklusjonane på alvor. Til sist bør ein stille seg spørsmålet om prosessen har gitt oss nokre nye innsikter og om ein har klart å skape ein breiare einigheit enn før utgreiinga. Eg skal halde auga opne.
Dag Sandvik – Leiar i Voss Kajakklubb