Raundalsutbygginga – lesarinnlegg i avisa Hordaland
Verneregimet for norske vassdrag er eit nasjonalt spørsmål som i siste instans skal
fastleggjast i Stortinget. Skulle verneplanen koma opp til ny vurdering, så er det viktig
at Voss kommune er ei stemme det blir lytta til. Voss kommune må opptre på den
nasjonale arenanen som den ansvarlege forvaltaren me er. For Voss kommune må det
vera viktig å slå fast at om ein i uoverskueleg framtid skal vera vertskapskommune
for eit verna vassdrag, så må dette utløysa statlege midlar til næringsutvikling.
I dag fungerer norske kommunar som lokale pådrivarar for kraftutbyggingsinteressene
fordi kraftutbygging gjev pengar i ei slunken kommunekasse. Voss kommune må
gjera seg til talsmann for at det også skal vera økonomisk lønsamt for ein kommune
å ta på seg eit verneoppdrag på vegne av storsamfunnet. Kombinert med ein
tilpassa landbrukspolitikk som i større grad vektlegg pleie av kulturlandskapet og
utviklinga av ein berekraftig reiselivspolitikk, kan Voss kommune sikra rekruttering
av velkvalifiserte fagfolk til skule og sjukehus samt stimulera til etablering av
framtidsretta arbeidsplassar.
Voss kommune sin rolle som regionalt senter føreset at me spelar på lag med dei
kommunane me naturleg er eit senter for. Den aleinegang det no er langt opp til ved
å tilrå oppheving av vernevedtaket vor Vossavassdraget gjennom kraftutbygging i
Raundalen, er ikkje eit regionsenter verdig. Dei reaksjonane som er komne frå
m.a. Ulvik kommune er fullt forståelege.
Sluttrapporten “Ei skånsam kraftutbygging” frå fleirtalet i Styringsgruppa
for Raundalen levert 24. mars i år er eit einsidig partsinnlegg frå
utbyggingsinteressene. Eg kan ikkje minnast sist eg las ei utgreiing som er
så fagleg svak som denne. Mest av alt minner den om glansbildesamlinga eg
var stolt eigar av i tidlege barneår. Å gjera vedtak i kommunestyret basert på
føreliggjande materiale, er jamgodt med å be kommunestyret skjemma seg ut.
Det har hendt at eg har blitt pinleg berørt av kommunale vedtak. Det skulle vera
nok å nemna vassmålarsaka og blånissane. Det me treng minst av alt no er fleire
blånissevedtak.
Lars Mossefinn