I dag gjekk Lars-Georg seg ein tur langs elva med vår 3 mnd gamle son. Lars-G har nettopp lært seg ein foto-teknikk som han ville prøva ut, og det manglar ikkje på flotte motiv i denne dalen! Til informasjon var vannstanden 60 m3/sek.
HDR-bilete, teke frå hengebrua på Skiple. Skipadalsnuten (1496 moh) ruver i bakgrunnen:
Lindbergshølen på Urdland:
Emil 3 mnd nyt den friske lufta og beroligande elvebrus:
Ein blid gjeng padlar forbi:
På veg nedatt stoppa me ved Selheim og såg på det historiske “Marinejuvet”. Trolsk stemning med dei mørke skyene: