Lesarinnlegg: Våte draumar og urørte vassdrag

Gudmund Skjeldal: Naturens eigne hender har ein verdi. Å ana korleis ei elv har filt seg ned i berget, litt og litt, gjer ein klokare på kva tid – og tolmod­ – er. Mennesket er mektig med sin oppfinnsame hjerne og sine dyktige hender, men mennesket er også ein liten maur. Brått er vi viska bort. Vi har berre kloden til låns. Set vi oss heilt til herre over naturen, slår han tilbake mot oss.

Les mer

Snakk om ver. Snakk om bilen din.

Det som ikkje går an, er å krevja vassdragsutbygging i Raundalselva, og stormannsgalne lange avlastingstunnelar til Hardangerfjorden eller hasardiøs flaumsenking av sjølve Vangsvatnet. Truleg kan ein enkel, kort flaumsenkingstunnel i eit stutt parti frå Lilandsosen og mot Seim avlasta nok, når Vosso frådar over. Vi har ansvar for vassdraga rundt oss, og vi har ansvar for den laksestamma som symde hit opp og gyta, lenge før menneska kom.

Les mer