Raundalselva, laksen og Rådgivande Biologar. – lesarinnlegg i avisa Hordaland 03.05.2011

Raundalselva har i tidlegare tider fyrst og fremst vore eit viktig oppvekstområde for utsett
lakseyngel. Frå Voss Jeger- og Fiskarlag sitt klekkeri i gamle kraftstasjonen i Rognsfossen, vart det
på 60- og 70- talet årleg sett ut fleire 100 000 stk plommesekk-yngel. Enkelte år mellom 400 og
500 000 stk. Dei sette yngelen ut langt oppe i småelvane ovanfor Upsete, dette i håp om å få tidleg
tilbakevandring av vaksen laks. Dette er godt dokumentert i den gamle filmen om Vossavassdraget.

I perioden 1960 – 1980 leverte Vosso i dei beste åra fangstar på 20 – 25 tonn flott Vossalaks. Dette
i fylgje statistikk frå Stamnes og Bolstad. I tillegg kom det som vart teke i drivagarn og andre
uregistrerte fangstar. I denne perioden, eller “gullalderen” til vossalaksen var altså Raundalselva ein
viktig “leverandør” av sterk og livskraftig laksesmolt.

Diverre – og sterkt å beklaga – så fekk ein ikkje særleg tilbakevandring av vaksen laks til den flotte
elva den var oppvaksen i. Laksetrappa i Palmafossen funka ikkje godt nok før VJF fekk til utbetringar
i 1989. Og rett etter det kollapsa heile bestanden av ymse grunnar. – Men frå 2002 er det registrert
naturleg produsert yngel her oppe – i tillegg til at betydelege mengder utsett fisk frå Voss Klekkeri har
hatt gode oppvekstvilkår her.

Elva har altså eit dokumentert potensiale som eit framtidig vassdrag for både laks og sjøaaure. Det
pågår for tida eit fantastisk restaureringsarbeide for vossalaksen som alt har vist lovande teikn. Så
vel Direktoratet for Naturforvalting, BKK og oppdrettsnæringa er med som gode støttespelarar til
denne redningsaksjonen. Det skal også understrekast at BKK er sjølve bærebjelken for drifta av Voss
Klekkeri. Dei har gjeve grunnleggjande støtte heilt frå planlegginga og vidare med drifta.

Voss Energi AS fekk nyleg avslag på sin søknad om opprusting av kraftverket i Palmafossen.
Grunngjevinga frå NVE var i hovudsak verneverdiane i denne delen av vassdraget og spesielt omsynet
til laksen. Dei føreliggjande planane i Raundalen er av eit heilt anna kaliber enn opprustinga i
Palmafossen. Det er såleis interessant å sjå kva argument som låg til grunn for avslaget:

Vossavassdraget har fått status som “nasjonalt laksevassdrag”, vedteke i Stortinget 15.05.2007.
Det ligg som kjent også i Verneplan III med høgaste vernekategori, m.a. pga ein heilt særeigen og
trua laksestamme. I fylgje Fylkesmannen er Vossolaksen rekna som verdens største atlantiske laks
og spesielt verneverdig. Direktoratet for Naturforvalting syner vidare til vernereglar for nasjonale
laksevassdrag kap. 6 i St.prp 32: “Tiltak kan ikke gjennomføres når det fører til endring av naturlig
vannføring, vanntemperatur, vannkvalitet eller vandringsforhold på lakseførende strekning som er av
nevneverdig negativ betydning på laksen”. DN har altså ein haldning at ein skal visa spesielt varsemd
med gjennomføring av nye tiltak i nasjonale laksevassdrag.- Dei føreliggjande planane for reguleringa
er såleis heilt klart i strid med beskyttelsesregimet for slike vassdrag.

Det vert også vist til den omfattande innsatsen som vert utført for å bevara denne unike
laksebestanden. I fylgje forskar Bjørn Barlaup (2008) har den 7-8 km lange strekningen oppstrøms
Palmafossen eit betydeleg produksjonspotensiale for fisk. Strekningen er vurdert til å vera heilt
sentral i oppbygginga og framtida for laksestammen. – Kanskje den viktigaste produserande
strekningen oppstrøms Vangsvatnet?

Fagrådet for Vossavassdraget påpeikar vidare betydningen av Raundalselva som ein mogeleg levande
genbank for den utrydningstrua bestanden. I laksetrappa kan ein sortera ut oppdrettsfisk og såleis halda strekket ovenfor som reint for rømlingar, sjukdom osv.

Men rapporten til Rådgivande Biologar snur opp ned på alle desse faktorane – som dei som
profesjonelle rådgjevarar bør kjenna til. Dei underkjenner definitivt dette potensialet til fordel for ei
eventuell regulering. Det er ufatteleg at dei kan underkjenna og bagatellisera kva dette har å bety for
fisken. Men ei grundig gjennomlesing av rapporten syner at det meste er svært tvilsame påstandar
samanlikna med det som kjem fram i dei overordna nevnte dokumenta. Kanskje Rådivande Biologar
ikkje kjenner til desse???

I rapporten deira er det hevda at dei låge temperaturane i elva er heilt marginale for produksjon
og overlevelse av lakseyngel. Likevel meiner dei det har liten betydning at den beste delen av
elva (nedanfor Skjerve) vert kaldare. Dette pga at denne ulempa vert kompensert ved at det vert
produsert meir yngel ovanfor, som så visst nok skal “driva” nedover.

Denne nedkjølinga av elva vil vera skadeleg for oppvekst av ungfisk heilt til elvemøtet med
Strandaelva. I rapporten “Nå eller aldri for Vossolaksen” er det også vist kva negative konsekvensar
lågare vasstemperatur i vekstsesongen om sumaren betyr for ungfiskproduksjonen i Bolstadelva.
Drifta av Evanger Kraftverk har medført eit år meir for smoltutvikling i Bolstadelva enn i Vosso og
betydeleg mindre ungfiskproduksjon enn før Evanger reguleringa.

Men ovanfor ktaftstasjonen på Bjørke – der det skal verta meir yngelproduksjon – vert elva nesten
turrlagt. Minstevassføring om sumaren på 6,5 m3/sek og 2,2 m3/sek på vinteren. Gjennomsnittleg
vannføring over året er i dag oppgjeve til 35,5 m3/sek, målt på Kinne. – Biologane påstår at denne
dramatiske reduksjonen i vannføring skal gi betre produksjon av fisk. For rafting- og padleaktivitetane
skal det til tider sleppast meir vatn på elva. Dette medfører at vannstanden – for fisken – vert svært
uregelmessig. Det er ein kjent sak at naturlege endringar i vannstand over lengre tid har mindre
betydning enn raske og kunstige endringar. Slikt står også i grell kontrast til regelverket for forvalting
av nasjonale laksevassdrag.

Til slutt litt om kva ureining som er forventa i og etter anleggsperioden. For tunnelane skal det ut ca
850 000 m3 sprengstein. Dette skal så transporterast ut, mellomlagrast og deponerast. Betydelege
mengder ureina avrenning og partiklar til elva er pårekna, og heller ikkje dette er spesielt negativt
for biologane. Akkurat på same måte som det vart underkjent ved flaumsenkinga av Vangsvatnet.

Etter mitt skjønn er det heilt ærleg og redeleg å sei at ein ynskjer ei kraftutbygging i Raundalen,
og at ein set alle omsyn til naturverdiar definitivt til sides. Påstanden om at dette er ei “skånsom”
utbygging – og at den har liten betydning for laksebestanden – den er det vel ikkje så mange som tek
på alvor lenger!

Ole Kr. Skorve