Raundalselva – kvifor omkamp? – Lesarbrev i avisa Hordaland 30.04.2011

Raundalselva vart i 1986 inkludert i Verneplan III gjennom vedtak i Stortinget, og plassert i
vernekategori 1, den “mest verneverdige” kategorien. Dette vart gjort på bakgrunn av ei rekkje
fagrapportar og ein lang prosess. No vil leiinga i Voss kommune ha omkamp.

Målet med verneplanane er å sikra heile nedbørfelt frå fjell til fjord, med ulike vassdrag som til
saman skal gje eit representativt utsnitt av Noregs vassdragsnatur. Å ta vare på i alle fall ein liten
del av dette har vorte karakterisert som Noreg sitt ”regnskogansvar”. 2/3 av dei største vassdraga i
Noreg er pr i dag bygd ut, det same er 7 av dei 10 høgaste fossane i Noreg. Vossavassdraget er eit
av få tilnærma uregulerte større vassdrag på Vestlandet. Vassdraget er ein viktig del av eit variert
og kontrastrikt landskap frå høgfjell, gjennom dalar og til lågland. Stort naturmangfald er knytt til
elveløpsform, geomorfologi, botanikk, landfauna og vannfauna, og gjev eit rikt friluftsliv. Me trur det
er få nordmenn som ikkje er samde i at det er viktig å ta vare på ein del av den opprinnelege, urørte,
norske naturen, som me også likar å vise fram. Men på lokalplan er det diverre ofte økonomiske
ynskje som dominerer. Difor er det naudsynt med ein overordna nasjonal verneplan, for å sikre at
ikkje alle kommunar vil at “nokon andre” kan ta vare på den urørte delen av norsk natur, medan ein
sjølv kan tena pengar på å øydeleggja den.

No prøver jo Voss Energi/BKK og styringsgruppa for Raundalen – utanom éin- så godt dei kan å
overtyda oss om at ei utbyggjing av Raundalselva kan skje på ein “skånsam” måte. Dette har
kraftselskapet, rådmann og ordførar hevda frå før fagrapportane vart utarbeidd. Berre fordi ein ikkje
byggjer ein 90 m høg dam. Utbygging vil like fullt gje minstevassføring i elva hovuddelen av året. Det
må byggjast anleggsvegar langs med elva, store mengder massar må deponerast. Kva konsekvens
gjev det for laks og aure når me får ei kunstig “av og på”- elv for padling/rafting? Me meiner at ei
kraftutbyggjing sterkt vil redusere naturverdiane i elva og kan gje større konsekvensar enn ein no
kan føresei for botanikk, land- og vannfauna.

Utbyggjarane hevdar at dette er ei “grøn” utbyggjing som kan gje meir fornybar kraft og erstatte meir
ureinande kraft, t.d kolkraft i Europa. Me spør om det verkeleg er naudsynt å byggje ut våre
verna vassdrag for å oppnå dette? Heilt klart ikkje. Ved oppgradering og evt noko utviding av
allereide utbygde vassdrag, energieffektivisering og ny teknologi er det fullt mogeleg for Noreg å
oppnå fornybardirektivet. Me trur litt av problemet er at dei sterke kraftselskapa i Noreg ikkje vil
tena så mykje pengar på energieffektivisering (som jo føregår på mange andre arenaer) som å byggje
ut siste rest av vassdraga våre.

I “Hordaland” les me at einskilde politikarar på Voss ynskjer å vere ein “spydspiss” i arbeidet for å
omgjere verneplanane for vassdrag i Noreg. Raundalselva er altså ikkje berre ei lokal sak, det er ei
prøvesak for mogleg avverning av mange vassdrag! Difor er det desto meir skuffande når Gunnar
Bergo går inn for ei minumsløysing i ei sak der poenget er vern eller avverning, ikkje kva variant
av nedbyggjing ein vil ha. For uansett er det ingen av dei framlagde planane som treng verte den
endelege løysinga dersom det om ti år vert nedbyggjing. Om ordføraren får vilja si, kvifor skal ein då
ikkje byggje ut meir radikalt enn fyrst planlagt– og få endå meir straum (les: pengar) – når elva likevel
skal avvernast?

Me synes Voss kommune- og gjerne Voss Energi- heller burde vere ein “spydspiss” for
energieffektivisering, tilretteleggjing for vidare utvikling av naturbaserte opplevingar og reiseliv både
på Voss og i Raundalen. Slik kan me oppretthalda vårt gode navn og rykte som ei bygd oppteken av
natur, kultur, friluftsliv og ekstremsport, heller enn å gå i bresjen for avverning av landets elvar! Er
det ikkje difor me er så stolte av å bu på Voss?

Voss Naturvernlag