Rapporten om Raundalen – Lesarbrev i avisa Hordaland 05.03.2011

Av Voss Naturvernlag
Voss Jeger og Fiskarlag
Voss Kajakk Klubb
Stiftinga Ekstreme Voss

Snart kjem rapporten frå Arbeidsgruppa for Raundalen. Før den kjem er det eit par ting me vonar
politikarane på Voss vil ha i bakhovudet når dei les rapporten.

Allereie då saka vart presentert for fyrste gong vart omgrepet “skånsam kraftutbygging” brukt. Smart
ordbruk. “Miljømaster” viser seg også å vera svært mykje lettare å svelgja enn “Monstermaster”.
Dokumentet med den raffinerte tittelen “Verdiskaping i Raundalen” som vart lagt fram av ordførar,
rådmann og Voss Energi/BKK i april 2010 grunngjev ordet “skånsam” med at det ikkje vil verta bygd
magasin og dammar, at vassinntaka kan legggjast under vatn og at dei store installasjonane og røyrene
vil liggja inne i fjell . Elva skal ikkje tørrleggjast, men ha ei viss minstevassføring . Me har tidlegare
vist politikarane at minstevassføring kjem til å vere regelen heller enn unntaket etter ei nedbygging.
Den kraftfulle og vakre Raundalselva vil etter ei nedbyggjing liggja hovudsakleg i røyr.

I Arbeidsgruppa for Raundalen si styringsgruppe sit det no 2 som representerer hhv Raundalen
Grunneigarlag og Raundalsutvalet, 4 frå Voss Energi/BKK (2 sekretærar), 2 frå Voss Kommune og
ein person som driv privat næringsverksemd i elva. Alle i gruppa (unnateke sistnemde) representer
ØKONOMISKE interesser i ei avverning og nedbyggjing av elva. Arbeidsgruppa har hatt 4
samlingar, og det er leigd inn 3 konsulentfirma (Multiconsult, Rådgjevande biologar og Sweco) som
på bakgrunn av m.a desse samlingane skal oppsummera og leggja fram den endelege rapporten. Kva
trur de vert konklusjonen i ein rapport som er tinga av ei gruppe med økonomiske interesser FOR
nedbyggjing og som er betalt av den aktøren som vil tjena mest pengar på prosjektet?

Alle gruppene med natur- og friluftsinteresser i området takka som kjent nei til å sitje i styringsgruppa.
Bakgrunnen var at verneinteressene uansett vart i mindretal slik gruppa vart samansett, og at det ikkje
finst noko kompromiss når temaet er om elva skal ut av vernelista. Me har likevel fulll tillit til at
politikarane på Voss ikkje byggjer heile si avgjerd i ei slik viktig sak på ei einaste, tinga, partisk og
dessutan betalt kjelde.

Me trur også at det økonomiske biletet er meir komplisert enn det som kan koma fram i rapportane.
For at Voss skal vera ein attraktiv plass å busetja seg er all aktivitet knytt til natur, friluftsliv og
ekstremsport avgjerande. Dette kan på sikt verta viktigare for å halda oppe folketalet enn usikre
kraftinntekter.

Me ber med dette politikarane på Voss om at de vil lytta til naturvernarar, friluftsfolk og elvebrukarar
før de vedtek at den varig verna Raundalselva ikkje lenger skal få flyta fritt i fred.

Voss Naturvernlag

Voss Jeger og Fiskarlag

Voss Kajakk Klubb

Stiftinga Ekstreme Voss