Utrag frå møte i Fylkestinget 13. oktober 2010
Heil referatet finst her http://polsak.ivest.no/polsak_filer/2010%5CTING%5C2010049800-957684.PDF

FYLKESTINGET 13. OKTOBER 2010

Aud Karin Oen hadde sendt slik interpellasjon til fylkesordføraren:
”Det biologiske mangfaldet i Vossovassdraget er truga!
I 1986 ble Vossovassdraget så høgt verdsett at det blei verna av Stortinget som ein del av den
tredje nasjonale verneplanen. Grunngjevinga for vedtaket var at vassdraget er: ”et av de få
større, gjenværende tilnærmet uregulerte Vestlandsvassdragene og omfatter mange
naturgeografiske regioner, vegetasjonssoner, det er stort mangfold av arter og habitater på
6
viltsiden og ulike biotoper på fiskesiden.” Vassdraget vart skildra som “i heilskap
eineståande”. I mellomtida har vi opplevd et stort press mot naturmangfaldet generelt og mot
vassdragsnaturen på Vestlandet spesielt. Det er altså eit enda betre grunnlag for eit vern i dag
enn det var for 24 år sia.
Trass i dette arbeider Voss Kommune fram mot ei utbygging av Raundalselva, som er en del
av Vossovassdraget. Fleirtalet i Voss kommunestyre ønskjer no å få utgreidd ei mogeleg
utbygging av Raundalselva og meiner dette kan gjerast skånsamt og syta for vern av resten
av Vossovassdraget. I verneprosessen fram mot vedtaket i 1986 vart dette særskilt vurdert,
og konklusjonen var at dette ville føre til ei for låg vassføring og slik vera skadeleg for
vassdraget som heilskap
Det er ikkje kome fram nokon ny kunnskap som tyder på dette framleis ikkje er det mest
trulege utfallet. Det er med andre ord umogeleg å gjera ei skånsam einskildutbygging av
berre Raundalselva, fordi dette vil ha konsekvensar for heile Vossovassdraget.
Ei utbygging vil også avgrensa mogelegheitene for å framleis driva og utvikla naturbasert
reiseliv på Voss. Dei siste åra har det også utvikla seg eit omfattande elvesportmiljø på
Voss. Rafting og elvepadling har ført til nye arbeidsplassar i kommunen. I padlemiljøet har
Voss og Raundalselva høg status, også internasjonalt. Ekstremsportveko, der Raundalselva
er svært viktig, dreg folk frå mange land til Voss kvar sommar. Ei delvis tørrlagd elv vil setja
ein stoppar for desse aktivitetane. Det er viktig å sikra gode vilkår for det naturbaserte
reiselivet, ikkje minst der ein alt har klart å etablere dette.
Hordaland fylkesting har nyleg vedteke eigen plan med retningsliner for små vasskraftverk
kor det mellom anne heiter at vi: “skal hindra tap av naturmangfald, friluftslivsområde eller
landskap av stor verdi”.
Spørsmål til fylkesordføraren er:
1) Er det nokon nye grunnar eller moment som kan grunngje ei oppheving av det nasjonale
vernevedtaket for Vossovassdraget fra 1986?
2) Kan ei utbygging av Raundalselva foreneleg med måla i den nyleg vedtekne
retningslinene for små vasskraftverk?”
Fylkesordføraren hadde slikt svar:
Raundalselva vart som del av Vossovassdraget verna mot kraftutbygging i verneplan III i
1986. Stortinget opna i 2005 for konsesjonsbehandling av kraftverk med installert effekt opp
til 1 MW i verna vassdrag, unnateke Bjerkreimsvassdraget der grensa vart satt til 3MW.
Føresetnaden er at utbyggingane ikkje skal svekke verneverdiane i vassdraget.
Fylkeskommunen er kjend med at det pågår eit førebuande arbeid initiert av Voss kommune
for å sjå om det er mogeleg å få til moderat vasskraftutbygging i Raundalselva på Voss som
ikkje kjem i konflikt med verneverdiane i vassdraget. Det ligg føre skisser på 10 ulike
utbyggingsløysingar som kan gje frå 10 til 510 GWh ny kraft, av desse 7 småkraftverk (totalt
35 MW og 120 GWh) og 3 større kraftverk (totalt 287 MW og 813 GWh). Kraftverka kan
byggjast samla eller kvar for seg. I sum vil desse 10 kunne gje 982 GWh.
(Kjelde: nettsida til Voss Energi)
Til spørsmål 1
Det er ikkje kome noko signal frå sentralt hald som tyder på at det vil bli opna for utvida
utbygging i dei verna vassdraga eller oppheving av vassdragsvernet. Slik eg ser det er det
nok å vente at sentrale styresmakter vil vere restriktive med å setje i gang ein slik prosess av
omsyn til den presedens dette kan føre til, då også andre kommunar gjerne ville hatt høve til
utbygging over 1 MW i sine verna vassdrag.
7
Kraftutbygging i Raundalselva over 1MW er ikkje mogeleg å gjere utan at vernevedtaket
vert oppheva. Eg er ikkje kjend med at vassdrag som har vore verna i ettertid har fått
oppheva vernet. Dette vil krevje nytt stortingsvedtak, og i forkant av dette ein omfattande
prosess der også fylkeskommunen vert involvert.
Kompetansesenteret for småkraft v/Samnanger kommune har i år oppmoda sentrale
myndigheiter om å gjennomgå grunnlaget for dei verna vassdraga, i lys av dagens teknologi
som kan gje meir skånsame måtar å etablera kraftproduksjon på, enn slik ein gjorde det i
”gamle dagar”. Miljøverndepartementet viser i sitt svar at det ikkje ligg føre nye politiske
vedtak eller lovendringar som skulle opne for ei oppmjuking av vassdragsvernet. (Svarbrev
frå Miljøverndepartementet 23.04.2010)
Til spørsmål 2
Fylkesdelplanen vart utforma med tanke på små vasskraftverk i område som ikkje er omfatta
av vern. Med utbygging i eit verna vassdrag og fleire store utbyggingsalternativ fell planane
for Raundalselva utom det fylkesdelplanen var meint å gje rettleiing og svar på.
For å indikere standpunkt til eventuelle planar innanfor verna vassdrag vart retningsline R2
formulert: I verna vassdrag er verneføresegnene styrande for kva inngrep som vert akseptert.
I verna vassdrag kan konsesjon for kraftverk opp til 1MW og opprusting av eksisterande
anlegg vurderast om tiltaket ikkje svekker verneverdiane i området.
Vassdraget er verna og elva har svært stor verdi for elvesportmiljøet i fylket og nasjonalt.
Intensjonen frå kommunen er å få til utbygging som ikkje er i konflikt med verneverdiane.
Dette vil vere det avgjerande spørsmålet. Om dette er mogeleg veit ein enno ikkje, og
prosjektet har alt no vekt stor motstand. Det tyder på at eit utbyggingsprosjekt kan få ein lang
veg å gå. Eg finn det lite føremålsteneleg å gjere nærmare førehandsvurdering av prosjekta
på det grunnlaget som ligg føre no. Dette gjeld både for eit eventuelt mindre prosjekt (under
1MW) som det innafor gjeldane lovverk er mogeleg å søkje om, eller for større prosjekt som
krev ein meir omfattande prosess med oppheving av vern og krav om omfattande
konsekvensutgreiing.”