Store elvar og menneskeskapte verdiar

Av Arild Tvilde

Tysdag 15. november kunne me i BT lesa at saksbehandlingstida for flaumdempingstiltak og bygging­ av kraftverk i det verna vassdraget Opo i Odda skal gjennomførast i rekordfart. Scenarioet kan fort komma til å gjelda Voss også, men er dette verkeleg saka me vil forhasta oss med?

Det store spørsmålet er ikkje om ein skal flaumsikra, men korleis (og kanskje kor tid)?

Det kan verka som om det er sett eit likheitsteikn mellom flaumsikring og tiltak som omhandlar omdirigering og/eller senking. Korriger meg gjerne om det er feil. Er dette einaste løysing? Etter møtet i Kulturhuset, den 6. september, har det vore mange innlegg både for og mot større prosjekt, men det er kanskje enklare eller meir grunnleggjande spørsmål eg saknar diskutert. Her er nokre av dei, alle svar vert motteke med takk.

Storflaumen i 2014 vart gradvis oppjustert til ein 700-årsflaum (forventa 1 gong kvart 700 år), men på allmøte i kulturhuset vart 2014-nivået omtala som 200-årsflaum (forventa éin gong pr 200 år) og tiltak deretter måtte utgreiast og setjast i verk.

  • Korleis kom ein fram til at nivået frå 2014 er ein 200-årsflaum?
  • Dersom ein hadde kome fram til at det var ein 250- eller 300-årsflaum, ville me då sett i gang dei same tiltaka no, eller om 5, 10, 50 eller 100 år?
  • Hastar det med dei aller største tiltaka eller er det mogeleg å ta det stegvis?

Demningar som vassmagasin med tilhøyrande kraftverk, overslagstunnelar ved høg vassføring, omdirigeringstunnelar og/eller senking i tillegg til styrking av grunn og murar, er dei tiltaka som ser ut til å verta mest diskutert rundt temaet flaumsikring.

Kan det tenkjast at våre tidlegare handlingar (t.d. fjerning av naturlege vassmagasin) er ein del av problemet og at ei reversering av desse vil kunna ha effekt­? I så fall, vil punkta under kunne sjåast på som tiltak?

  • Reversering av senking av Myrkdalsvatnet
  • Reversering av utfylling av Melsvatnet/Storrviki
  • Reversering av utfylling av Vangsvatnet
  • Heva grunnen til utsette ­bygningar og infrastruktur
  • Relokalisera utsette bygningar

Kan det her liggja interessante reknestykke opp mot «milliardtunnelen» frå Bjørke eller andre tidlegare forslag?
Mange hus langt inn på Vangen­ fekk vasskadar då vatnet­ kom opp gjennom sluk. Me bar sjølv om lag 9000 liter vatn i bøtter opp frå kjellaren i huset i Vangsgata den natta, før brannvesenet kom med pumpe som gjorde det lettare. Men hadde dette kunna vore unngått? Huset hadde ikkje tilbakeslagsventil som kunne hindra vatnet i å trengja inn.

  • Kor mange av husa på Vangen, spesielt i vest og i Uttrågata, har dette? Og kunne det ha hindra skadar for dei som fekk vatnet inn?
  • Kan tilbakeslagsventilar difor vera ein liten, men effektiv flaumsikring? Tinghuset hadde det ikkje og vart skadd.

På folkemøtet i Kulturhuset uttalte Multiconsult sin utsende at:

«Det ligg i sakens natur at me vil fortsetja å byggja ut nært vatnet.»

– Kvifor det? Gjev det meining å vilja byggja meir der me veit det er problematisk?

I artikkelen «Difor blir nye hus råka av flaum» på www.forskning.no viser dei til rapporten Naturfareprosjektet, Oktoberflaumen på Vestlandet i 2014 og skriv «flaumsonevurderingar er usikre.» Og «…innsikta bør gjere at kommunane er varsame med å tillate bygging av sårbar infrastruktur nær flaumsonegrensa, ikkje minst med tanke på at vi går ei endå meir usikker framtid i møte.» Sjølve rapporten viser tydeleg svak og manglande handtering av flaumproblematikken i reguleringsplan for Vossevangen frå 2003. I retroperspektiv er det kanskje mange bygg og vegar som ikkje ligg fornuftig plassert langs vassdraga våre. Ser me framover, lurar eg då på:

  • Kan den venta rapporten om flaumsikring takast seriøst om målet er meir utbygging i risikosoner?
  • Kan den venta rapporten om flaumsikring takast seriøst om ingen av spørsmåla over er handsama eller sett på som tiltak?
  • Har me blitt trangsynte, historie­lause og arrogante i vår handtering av frittrennande vatn?

Før ein bestemmer seg for store forsøk på å kontrollera vatn i bevegelse, bør ein då ikkje snu kvar stein og sjå på både enkle, mindre tiltak og potensiell reversing av tidlegare påfunn?

Ei sak har alltid fleire sider, naturen­ si side må vel også vurderast, nokre stader har menneske faktisk gitt elv og vatn meir plass til å renna fritt igjen, for å unngå problem for seg sjølv. Hastverk er lastverk?