Sterke opplevingar, eller berre rør?

Av Lars Mossefinn

«Pengar i sterke opplevingar» kan Hordaland fortelja med feite typar på framsida tysdag 25. oktober. Veko og ‘nærskylde’ selskap omset for mest 80 millionar. Solide overskot kan dei fleste selskapa også visa til. I tillegg genererer dei to heis­selskapa store verdiar, og hytte­bygginga ser heller ikkje ut til å møta veggen. Det er solskin dagen lang!

Like viktig er det at Voss sitt renommé som verdas ekstrem­sporthovudstad gjer Voss til ein attraktiv stad å etablera seg eller søka jobb. Sjukehuset og skulane har søkjarar til ledige stillingar. Hadde me samla alle som har busett seg på Voss grunna festival, sport og natur, hadde det blitt trongt på torget. Også i det framtidige reiselivet har Voss ein viktig rolle å spela. Voss er budd for det grøne skiftet som også må koma innan reiselivet. – Om me klarar å investera i og ta vare på naturen vår, vil eg seia at Voss framleis er verdas råaste plass å leva, skreiv Silje Skorve Paulsen i Ordet fritt 5. september i år. Enkelt men genialt oppsummert!

SKYENE I HORISONTEN er likevel mørke. Om seks veker kjem konsulentrapporten som skal utgreia flaumsikring i Vossavassdraget. I tillegg til å føreslå tiltak i den ikkje-verna delen av vassdraget, vil det koma framlegg om tiltak i Raundalselva med tilhøyrande kraftutbygging. Det er ein stor risiko for at eit fleirtal i kommunestyret på Voss vil ofra all ekstremsport og naturvern­-kred på å be Stortinget oppheva vernet slik at ein kan få konsesjon til kraftutbygging, og i løpet av ein 4-5 årsperiode kan Voss endra motto frå «Voss – bygd for sterke opplevingar» til «Voss – bygda som la draumane sine i røyr».

Målet er kraftutbygging, og middelet er flaumregulerande tiltak. Det er mang ein lokal­politikars våte draum (i alle fall på vår kant av landet) å kunna lauga seg i kraftinntekter. I så fall må kraftprisane opp. No er det opna opp for privat kabellegging til kontinentet, og gjennom såkalla flaskehalsinntekter i ein børsliknande energimarknad kan desse tunge investeringane løna seg, men skal den europeiske kraftmarknaden fungera må det korresponderande innanlandske nettet vårt byggjast ut monaleg. Den rekninga må norske straumkundar ta.

STRAUMPRISANE I NOREG vil som følgje av denne prosessen auka monaleg. Nokon spår meir enn ei dobling. Kanskje det er naudsynt med tanke på å få bukt med kraftsløsinga vår? Likevel er det betenkeleg at ein gjer store investeringar i vasskraft som gjer at ein i energipolitikken ikkje kan ta nasjonale omsyn. Kvifor ikkje nytta nasjonale fortrinn til ny industrireising? Vil det ikkje vera rett og rimeleg at ressurssvake som bur i ei klimatisk barskt land å nyte godt av at me kan produsera billeg­ straum? Det er også eit høgst realistisk scenario at botnen fell ut av denne marknaden dersom energi i stor skala billeg kan lagrast i batteri og ikkje i norske kraftmagasin.

Å saldera kommunebudsjettet med inntekter frå grunnrente på ein børsdriven energimarkand utan at det i praksis vert skapt ein einaste arbeidsplass er i heile sitt vesen usolidarisk. Ein øydelegg det som har gjort vare­merket vårt unikt og uerstatteleg. Den store forteljinga om Voss som går verda rundt, ofrar ein for lusne kraftkroner. I marknads­føring er image every­thing. Nokon bør snarast innsjå dette.

I STADEN BURDE Voss kommune­ vera solidarisk med kultur- og reiselivet sitt. Her er det inovasjonskraft og stå-på-vilje. Dette miljøet er med på å skapa eit interessant miljø å etablera seg i også for kunnskapsbedrifter av ymse slag.

Kommunen burde jobba på lag med desse kreftene. Det er ikkje tilfellet i dag, og ei kraft­utbygging i Raundalselva vil vera jamgodt med å reisa ei nidstong mot dette miljøet. Om Voss kommune kan ein vel seia det slik: Dei slumpa til å erklæra borgarkrig …

Eller vil fornufta sigra? Well, it’s hope in hanging snor.