SNAKK OM VÉR. SNAKK OM BILEN DIN.

Av Gudmund Skjeldal

Fredag sist i januar: vind varsla i orkan styrke på Vestlandet. Ny «rekord» på Kråkenes fyr i Sogn og Fjordane: 48,9 meter per sekund. Det er 100 meteren på 2 sekund, lett omrekna. Usain Bolt spring ikkje ein gong så fort.

Eller det er nesten 180 kilometer i timen. Eg har aldri køyrt så fort med bil, og eg vonar ikkje du har det heller. Vindstyrken er nesten ikkje til å forstå.

På Voss vart alt som minna om vinter, ribba bort på ein, to, tre. Det var lyn og torden. Det minna om sommar. På laurdag og søndag kom så snø igjen, nesten ein halv meter nede i bygda. På måndag kom så regn igjen, og mildver som om våren. Fire dagar, fire årstider
Veret er ikkje heilt kva det var.

Vossingar er i den «heldige» situasjonen at vi lett kan forstå kva klima­endringane dreier seg om. Vi opplevde noko så sinnsjukt som 700-årsflaum for halvanna år sidan. I desember i fjor var ein ny flaum på gang, om lukkelegvis ikkje så galen. Men det var like før jol, og det regna nesten til topps på Lønahorgi. Naturen har gått amok.

Om dette skriv den innflytta vossingen og diktaren Espen Stueland vettugt i den nyaste boka si, som heiter nettopp det nevnte: «700-årsflommen». Om ikkje alle kapitla er like lett tilgjengelege, er dei innleiande delane di meir gjenkjennelege: Om korleis Vangsvatnet stod liksom skrått frå Prestegardsmoen og mot Liland på grunn av vinden – medan Vosso fossa ut med 7000 – sju tusen – fylte badekar i sekundet. Prøv å førestilla deg det. Det er vanskeleg om du ikkje har opplevd det.

På same måten er det med uttrykket «700-årsflaum». Det tyder ikkje at det vil gå 700 år til neste gong Voss vil oppleva ein slik flaum igjen. Sannsynet for ein 50-årsflaum er 1/50, dvs 2 prosent kvart år. For ein 700-årsflaum var sannsynet på tilsvarande måten, dvs nær ein promilles sjanse. Statistikk seier ingenting om kva som vil skje neste år – slik det også er med terningen du kastar. Du kan få 10 seksarar på rad, men sjansen er liten.

Kva flaumnivå skal så kvalifisera for å kallast ein 2-prosentssjanse, og bortimot ein promille? Her held ikkje dei gamle tala lenger. Vi er alt inne i dei menneskeskapte klimaendringane. Norsk vassdrags- og elektrisitetsvesen (NVE) graderte i fjor opp nivåa for Vosso – slik at ein flaum i dette århundret må meir enn 2 meter over nivået frå 2014-galskapen for å kunne kallast ein 200-årsflaum.  Sjansen for det er altså svært liten. Men det betyr samstundes at 700-årsflaumen vi opplevde, er blitt meir sannsynleg kvart tiår framover no.

Det er lov å bli redd. Det er også forståeleg at ordføraren og andre folkevalde i kommunen blir opprørte – og sinte på faren for flaum. Men ein heil del kan reddast ved gode førebuingar kvart år, og det ein meir generelt kallar klimatilpassingar. Måten skular og folk redda unna verdiar før flaumen i desember i fjor, vitnar om det.

Det som ikkje går an, er å krevja vassdragsutbygging i Raundalselva, og stormannsgalne lange avlastingstunnelar til Hardangerfjorden eller hasardiøs flaumsenking av sjølve Vangsvatnet. Truleg kan ein enkel, kort flaumsenkingstunnel i eit stutt parti frå Lilandsosen og mot Seim avlasta nok, når Vosso frådar over. Vi har ansvar for vassdraga rundt oss, og vi har ansvar for den laksestamma som symde hit opp og gyta, lenge før menneska kom.

Endeleg går det ikkje an å tala om klimaendringane, og korleis ein skal tala vermønsteret framover, utan å ta med ansvaret vi menneska har. Utsleppa vi alle vossingar bidrar med, når bilar blir brukte, og traktorar blir gira om. Korleis kan vidare utbygging i Myrkdalen skje på ein måte som ikkje berre medfører meir utslepp av klimagassar, fordi ingen vil tenkja på det? Korleis kan butikkane på Vangen leva og anda, utan at ein tar utgangspunkt i bilen? Det er slik vi må tala om veret, heretter.

Denne artikkelen var fyrst publisert i Magasinet Voss.