Lesarinnlegg: Skog og flaumdemping

Av Trygve Refsdal
Bjarne Gjerme meiner at me kan sjå heilt bort frå flaumdemping frå auka tilgroing i nedslagsfeltet til Vossavassdraget. Han meiner at flaumane kjem når jorda er metta av væte frå før. Og han meiner at dei døma på flaumdemping eg viser til, frå Afrika, ikkje gjeld her.

Vel, eg har gått ein god del i skog og mark også i Norden, også i kraftig regn, og sett kva som skjer her. (Det gjeld også dei praktikarane eg snakka med før jol.) Me ser mykje det same i nord som i sør: Der det veks opp mykje busker og skog og andre plantar, vert det også mykje røter i jorda. Dei løyser opp jorda, og me får ein gunstig jordstruktur. Då aukar jorda si evne til å ta opp vatn. Både i Noreg og i Afrika går røtene helst nedover i jorda.

Her heime er det sjeldan å sjå at skogsjord er heilt vassmetta, og sjølv etter mykje nedbør vil det siga vatn ned i grunnen. Dette vatnet kjem så fram i bekker og elvar. Etter nokre dagar, veker eller månader – alt etter avstand og kor djup jorda er.

EG VIL GJERNE INVITERA nokre flaum-fundamentalistar, frå Norconsult eller frå heradsstyret, til to skogsturar.

Den fyrste ein snøtung vinter. Etter å ha baska oss fram i ein meter djup laussnø på opne flater, går me inn i eit eldre granfelt. Der kan me ta på oss joggesko. Kvar har det blitt av snøen? Kanskje den er fanga opp av greiner og bar, og så har fordampa eller sublimert derifrå? Av det som er att vert det lite flaum frå snøsmelting.

Så går me same turen ein våt haustdag. På den opne marka finn me kanskje vassmetta jord sume stader. Spesielt der tunge maskiner har køyrt. Der får me ofte jordpakking og skade på jordstrukturen. Me tek med ei bytte vatn derifrå. Når me kjem inn i skogen tømer me ut vatnet frå bytta. Lagar det ei liten flaum på overflata, eller forsvinn det ned i bakken, nokså fort?

DET ER STOR interesse for det å få opp skog for flaumdemping i mange land her i nord. I England, i Irland, i Holland, i Frankrike, i USA, og så vidare. Deira problem er gjerne at dei har så altfor lite naturleg mark, og så altfor mykje asfalt, vegar og byggeland. Og så dei har flaumproblem. I slike land ville dei sett stor pris på å ha så store naturområde og så store potensielle attgroingsareal som me har.

Kanskje me også på Voss bør setja pris på naturområda våre, og ikkje berre tenkja på teknikk, tunellar og dammar. Om dei tala som våre flaumutgreiingar byggjer på skulle vera rette, så vil skoggrensa stiga med om lag 600 høgdemeter fram mot år 2100. Om så skjer, så vil tilgroinga koma naturleg. Heilt gratis. Fyrst vier, selje og rogn, så bjørk og fure og gran, kanskje mest av det siste.

Attgroingspotensialet i nedslagsfeltet for Vangsvatnet, Raundalselva og Strandaelva er stort. Mitt estimat er om lag 400 kvadratkilometer, som er det same som 400.000 dekar.

Det er, sjølvsagt, uansvarleg å ikkje ta omsyn til dette i våre planar.

Ei anna sak er at det i høg grad kan diskuterast om temperaturen vil stiga så mykje som fire grader. Om den ikkje gjer det, så fell også botnen ut av flaumutgreiingane.

Her trengst meir kunnskap! Me har, til no, fått ein overdose frå ein ekspertelite med teknisk bakgrunn.