Våte draumar og urørte vassdrag

Av Gudmund Skjeldal

Eg er ein elendig elvepadlar; dei gongene eg har prøvd, har eg havna på hovudet i vassmassane og kjempa for ikkje å drukna. Eg har ikkje tolmod til å fiska; før eg har fått marken på kroken har eg laga ein kjempevase med snøret. Men eg liker å gå turar i fjella. Eg liker å sitja på toget nedover forbi Mjølfjell og berre sjå.

Sidan eg kom flyttande vestover for to år sidan, har eg vore på mange vandringar i Vossafjella. Ikkje ratt få vassdrag er utbygde: Bergsdalen er ein vits av kva han ein gong har vore. Hamlagrøvatnet, som var tilknytt han med utløparelva si, er eit månelandskap kvar vår. Torfinnsvatnet grin til deg med alle dei bratte strendene, når du vil opp til Timaglaset. Demninga ved Volavatnet er imponerande ingeniørkunst, men du kan ikkje fri deg frå tanken på korleis dalen nedover mot Brekkhus ein gong må ha ljoma av dei ville fossane. Du kjem ikkje unna spørsmåla på Vikafjellet heller.

Naturens eigne hender har ein verdi. Å ana korleis ei elv har filt seg ned i berget, litt og litt, gjer ein klokare på kva tid – og tolmod­ – er. Mennesket er mektig med sin oppfinnsame hjerne og sine dyktige hender, men mennesket er også ein liten maur. Brått er vi viska bort. Vi har berre kloden til låns. Set vi oss heilt til herre over naturen, slår han tilbake mot oss.

Den 6. desember skal verksemda Multiconsult leggja fram korleis Vossebygda kan sikra seg best mot storflaumar i framtida. Det er dei menneskeskapte klima­endringane som ligg og lurer under. Men og eit ønskje hjå ein del folkevalde om at Voss skal kunna veksa til kanskje 30.000 innbyggjarar. Det vil vera eit underleg paradoks om dei klimaendringane vi sjølve har bidrege til, skal reparerast med å byggja ut endå fleire vassdrag. Eg fryktar kva konsulentar og kraftselskap bryggjer på. Men eg vonar at politikarane på Voss besinnar seg. Eg betaler gladleg meir skatt om ein finn andre tiltak enn nye kraftverk. Er det berre folkevekst ein skal leggja til rette for, vil det vera andre av oss som flyttar herfrå.

Spar kloden for klimautslepp når du kan. Lat Raundalselva leva.