Urørt natur er livskvalitet

Ragne Elise Berre
Friluftsentusiast og lærar

Eg flytta til Voss i 2003 for å jobbe som lærar på villmarkslinja på Voss jordbruksskule. Eigentleg­ er det meir rett å seie at eg flytta til Voss for å bu ein plass der eg kunne leve det livet eg ynskjer. Leve det friluftslivet eg ynskjer. Eit liv med kort veg til store område med urørt, vill og vakker natur. Fantastiske skifjell, fasinerande elvestryk, hoppande laks, store vidder og djupe skogar med brølande hjort. Med uendeleg med moglegheiter for intense­ opplevingar ute, i lag med ein herleg gjeng med motiverte entusiastar­ som er like glade som meg sjølv i dette utelivet.

Om ein ser på utviklinga over urørt natur i Noreg, er det ikkje så mykje att. Det finst heldigvis framleis nokre få flekker att på Voss. Kvifor er det så viktig med urørt natur? Det er godt dokumentert at eit naturleg biologisk mangfald er sjølve grunnlaget for vår eksistens. Det i seg sjølv er ein meir enn god nok grunn for å verne om den siste urørte naturen vi har. Gjer vi ikkje det, gjer vi oss sjølve, og ikkje minst våre barn og barnebarn, ei stor bjørnetjeneste. Vi tuklar med grunnlaget for vår eksistens. Det er kanskje vanskeleg å klare og sjå det store biletet. Sjå samanhengane. Forstå økologien og kvar vesle bit sin plass og betyding. Verneformene er eit av dei viktigaste verktøya vi har for å sikre urørt natur i framtida.

Eg vil nemne ein god grunn til for å verne om vår urørte natur – friluftsliv er ein veg til høgare livskvalitet. For svært mange av dei som har valt å bu på Voss, er nettopp denne tilgangen på vill, vakker og urørt natur det same som høg livskvalitet. Det er for mange rett og slett ein av dei viktigaste tinga i livet. I år hadde vi nesten 70 søkjarar til villmarkslinja på nye Voss vidaregåande skule. Dei 40 som kom inn kjem frå heile Hordaland. 40 unge friluftsentusiastar som kjem til Voss på grunn av moglegheitene naturen her har å by på. Vi er sju lærarar på villmarkslinja. Ingen av oss kjem frå Voss, men alle har valt å busette seg her. Vi sju med våre familiar er berre ein liten brøkdel av alle dei som har flytta til, eller har blitt buande på Voss pga urørt natur og eit miljø skapt av friluftsentusiastar.

Det vil vere så utruleg trist om Voss kommune, ein kommune som marknadsførar seg som bygda for dei sterke opplevingane, og som brukar bilete av aktivitetar i natur som marknadsføring for alt det er verdt, skulle verte kommunen som går inn for å oppheve varig verna natur! Som så tydeleg seier at verdien av verneformene våre er lik null. At det å verne område med den verdien det inneber, ikkje har noko betyding. Då er det mange på Voss som vil verte skuffa.

Av folk eg kjenner som har valt å bu på Voss, først og fremst på grunn av desse to tinga – urørt natur og miljøet rundt aktivitetane med naturen i fokus, er det mellom anna lærarar, legar, geologar, bønder, grunderar, ambulansepersonell, reiselivsfolk, ingeniørar, musikarar, kokkar, trenarar, sjukepleiarar, filmskaparar, oljearbeidarar, fjellførarar, bankfolk, helikopterpilotar og ungdomsarbeidarar. Det er folk som sit som leiarar og trenarar i idrettslag, som engasjerer seg i lokalmiljøet i lag og organisasjonar. Det er folk som driftar dei store festivalane og arrangementa som skjer på Voss. Det er folk som bidrar positivt til lokalsamfunnet på mange ulike plan.

Eg håpar me kan fortsetje å vere stolte av å bu i bygda for dei sterke opplevingane. Bygda som vernar om kjernen av det den sel seg for å vere. Som viser eit tydeleg standpunkt, der naturen får den honnør den fortener.