Naturen kan leva utan oss – men me kan ikkje leva utan naturen

Av Toril Hunnålvatn

Lat oss ta eit steg tilbake og sjå på kvarandre. Leggja vekk forforståelsen av hensikter og agendaer når me no saman skal velja løysing på flaumvanskane. Lat oss prata saman.

Debatten om vern av Raundalselva er ikkje ein debatt om kraftproduksjon eller ikkje. Det handlar heller ikkje om ein interessekonflikt mellom padlarar og raundøler. Oppgåva me står overfor er å finna ei løysing for å unngå storflaum igjen. Me er alle samde om at me vil ha vern. Og det treng ikkje bli i form av ein hestehandel om – flaumvern eller naturvern.

Eg trur at me alle er einige i at naturen er livsgrunnlaget vårt, og vår viktigaste kjelde til livskvalitet. Me einast nok òg om at dei beste opplevingane er det nettopp naturen som gjev oss. Anten ein søkjer spenning eller ro. Eg trur og at me alle vil at våre etterkommarar skal ha det bra, og at me veit at det difor er viktig å tenkja nøye gjennom kva me no vel.

Dersom me vel å leggja Raundalselva i røyr for å produsera kraft treng me nok ikkje fortelja våre etterkomarar om ei elv dei kunne ha padla i som no er borte. Me må forklara at me valte å selja naturen med bakgrunn i ein illusjon. Å tenkja at eit kraftverk skal oppfylla alle våre draumar om nye vegar og skular her og no, vil vera både naivt og ei særs egosentrisk handling av oss, når me veit kva som må ofrast.

Me har ansvar for å ta naturen og komande generasjonar på alvor. Å verna naturen – denne gongen Raundalselva – er ikkje for å skaffa våre born ein arena for padling eller anna, men for å gje våre etterkomarar ein haldningarv – verd meir enn noko anna. Lovfesta naturvern er jo eit tiltak for å verna naturen mot – nettopp oss menneske.

Tenk kva for ansvar me har, gjennom Voss si røyst, når me no vel vegen vidare. Lat oss ta ei barsk avgjersle i lag og vera einige om at me forstår og held ord. Det er ein bodskap og ein arv me stolt kan gje vidare til born og borneborn.

Lat oss starta debatten med felles forståing om at me saman vil finna den beste løysinga for framtida.

Helsing ein heilt vanleg innbyggjar, turgåar, ikkje-ekstremsportar, og mor.