Lat oss jobba saman for Voss

Av Dag Sandvik

Rett etter jol skal kommunestyret på Voss ta stilling til kva løysingar dei ynskjer å satsa på for å redusera konsekvensane av framtidige flaumar. Då dette arbeidet starta, var me nett ferdig med ein øydeleggjande 200-års flaum. Flaumkarta vart teikna om, og me fekk i tillegg til dei materielle skadane, restriksjonar mot å byggja nytt i fleire sentrumsområde.

MED DETTE BAKTEPPET var det sjølvsagt at bygda skulle stå samla for å få på plass sikringstiltak for framtida, og det var her me la ut på ein veg som kan skada både framtidig flaumsikring og verdiskaping.

Den politiske leiinga hevda, forståeleg nok, at ein måtte opna for alle typer tiltak, også tiltak i dei verna delane av vassdraget. Den underliggjande bodskapen var at ein måtte redda Vangen om det så kosta oss ei elv, og ein hadde alt styrt saka i retning av ein unødvendig og skadeleg konflikt.

MULTICONSULT VIL komma med ein rapport som syner kva moglegheiter dei ser for vern av Voss sentrum, men det er opplagt alt no at ein står overfor ulike alternativ. Me treng ikkje å kjempa ein kamp mellom vassdragsvern og flaumvern, men kan trekkja saman for å best mogeleg ivareta to store verdiar for Voss.

Ein kan stogga både ein 20-års flaum og ein 200-års flaum utan å «kødda» med vassdraget meir enn ein dag eller to kvart 20. eller 200. år. Men då må me søkja andre finansieringskjelder enn eit kraftverk som i neste rekkje kan redusera verdiar i turisme, næringsliv og samfunnsliv.

VERNEPLANANE FOR vassdrag har vore ein grunnstein i norsk politikk som eit breitt fleirtal i stortinget har programmfesta. Bakgrunnen er dei store konfliktane som eskalerte då norsk vassdragsnatur stod i fare for å forsvinna i store delar av landet, og dette er eit lovfesta vern som står sterkt i samfunnet.

I TILLEGG TIL å vera ein nasjonal verdi, er vassdraga i Voss i ei særstilling i lokalsamfunnet. Voss kommune skal vera bygd for sterke opplevingar. Me tiltrekkjer oss turistar i stort mon, og desse kjem ikkje for å sjå arkitektur eller boltra seg i utelivet. Dei kjem for å oppleva vestnorsk natur, med fjordar, fossar, fjell og elvar. I tillegg har eg ofte stussa over at det kjem så mange ressurspersonar til Voss. Tilflyttarar og heimflyttarar. Dei kjem hit og starter verksemder som lagar suppe, turkar kjøt, byggjer nettsider og byggjer hus. Dei kjem hit som turnuslegar og sjukepleiarar i praksis som så søkjer fast jobb her. Dei kjem for å jobba i butikkar, på gymnaset og på villmarkslinja. Dei kjem frå Bergen, Trondheim, Sør-Afrika og Sveits. Dei kjem for å padla, flyga, køyra ski og fiska laks.

MED SÅ MYKJE på spel, er det sjølvsagt at eit kvart øydeleggande tiltak i Raundalselva som ikkje er strengt nødvendig, vil utløysa massiv motstand lokalt og nasjonalt. Om kommunestyret skulle velja å jobba mot nasjonalt og lokalt naturvern, friluftsliv og ekstremsport, vil dei møta stor motstand. Og det er høgst usikkert kva stortinget og NVE vil tillata til slutt. Ein lagar splid og spelar høgt med både flaumsikring og naturverdiar.

I DAG, ETTER den 9. november, er det mykje symboltunge nyhende som minner oss om at ei politisk leiing bør prøva å inkludera og sameina alle medlemmene i samfunnet til felles arbeid mot felles mål. Å laga konflikt for å vinna si sak, er ein kortsiktig strategi. Me er mange som elskar Voss, og me er mange som elskar bygda på grunn av naturen. Me ynskjer å bidra til Voss sitt beste. Lat oss finna den løysinga me alle kan kjempa for. Den kan me finna om me tek oss bryet med å snakka, tenkja og jobba saman.