Den sanne draumen om vill natur

Av Silje Skorve Paulsen

Frå Lars Mossefinn sitt glimrande innlegg i laurdagsavisa: «Voss – bygda som la draumane sine i røyr» – eit skremmande døme på nytt slagord om me byggjer kraftverk i den verna elva. Skal me verkeleg la det skje?

EG HAR INNTRYKK av at voss­ingane er glade i naturen sin. Dei som bur på Voss har kort veg ut. Det kan vera ein liten runde i åsen, ei fast rute opp fjellet eller ein kjapp ein i moen. Ein går ut for å rista bort litt sideflesk, berre tenkja eller få ro i sjela. Eg trur ikkje det er betydeleg mange som kastar seg utfor fossefall som dagens trim. Men at bygda er verdskjend for å utnytta ville naturkrefter på så spektakulære måtar, er stas likevel.

VÅRE GODE menn og kvinner på Tinghuset solar seg i glansen av andre si begeistring for nettopp dette. Andre stader viser til Voss som prakteksempel når dei fantaserer om naturbasert reiseliv. Samarbeid mellom aktørar og miljø, det er som eit eige økosystem. Engasjement frå dei små gruppene er like viktige som dei store. Ein nyttar seg av kvarandre.

HER MJØLKAR ME dei fossepadlande galningane for alt dei er verdt. Me deler halsbrekkande videoar og vekkjer oppsikt i media. Bileta vert nytta i jobbannonsar for å lokka til oss dyktige medarbeidarar. Me vil gjerne bli oppfatta som spenstige og uredde. Me viser fram at her kan me boltra oss i urørt natur. Og det verkar! Ressurs-sterke menneske flyttar hit og gjer alt dei kan for å bli. Finst det ikkje passande jobbar, skaper dei sine eigne. Rustar gjerne opp eit gamalt bruk, startar raftingsenter, bryggeri eller suppekjøken. Lista er lang, og lengre kan den bli.

TIL OG MED vårt eige energi-selskap nyttar bilete av elve­padlarar i marknadsføringa. Heilt topp det. Ingen er vel imot all vasskraft. Men me treng ikkje ny kamp om det vesle som er att, det som verneplanen skal sikra. I motsetning til kraftselskapa sine godt betalte konsulentar bruker dei fleste natur-elskarar av si eiga, dyrebare fritid. Dei kjempar for det som alle kan nytta seg av no og i framtida. Dei jobbar gjerne frivillig for ymse arrangement. Du ser mange av dei i sportslege miljø. Nokre av dei er ansvarlege for at det atter sym Vossolaks i elvene våre. Brennande engasjement, eldsjeler. Verdifulle ressursar som kjem samfunnet til gode.

200-ÅRSFLAUMEN DEKKA vårt sentrale friluftsområde Prestegardsmoen i eit virvar av drivved og rot. Vossingane gjekk mann av huse for å rydda. Me møtte kvarandre frå alle kantar for å hjelpa til. Då me plukka greinar saman på stranda, fekk me ei kjensle av fellesskap. Kjensla var god og sterk. Denne dugnadsanda er endå eit eksempel på kva andre bygder beundrar oss for.

I DESEMBER KJEM kjem altså rapporten som presenterer alternativ for flaumsikring. Dei ulike løysingane vil ha varierande­ innverknad på naturen og ha ulik prislapp. Men kraftutbygging i Raundalselva handlar om finansiering. Ein må ikkje ha turbin for å sikra mot flaum! Korleis skal me visa politikarane at me ikkje ynskjer å byggja ned gullet vårt for konfliktskapande kraftkroner? I staden for å kjempa slike utmattande kampar vil me heller bruka tida på å gjera kjekke ting for kvarandre, for ungdommen, for bygda. Handlingskrafta er uvanleg sterk på Voss, men den treng motivasjon! Kva er prislappen på det?

VOSS ER DEN kommunen som verkeleg vil få tyn for å selja verna natur. Beskytt heller den delen av omdømmet vårt som er heilt suverent. Anerkjenn desse verdiane som unike og uerstatte­lege. Det er eit ettermæle politikarane­ kan vera stolte av. Vill natur og fritt rennande vatn er sanne draumar på Voss. Lat oss støtta kvarandre i å halda dei ekte.