Hei, Tom!

Av Dag Sandvik

Eg vil gjerne at me har ein debatt som bidreg til gode politiske vedtak som igjen leiar til gode løysingar for flest mogleg i lokalsamfunnet og på nasjonalt nivå. Difor set eg pris på å lesa dine meiningar om saka. Eg trur det er viktig at me her ikkje går i skyttargravene og polariserer saka meir enn det trengst, slik at alt ein sit att med er ein bråte innlegg som vert «likt og delt» av meiningsfeller og ignorert av dei andre.

(Les innlegget til Tom her)

For, eg trur ikkje me er så ueinige. Eg les med glede at du ser ein verdi i at menneske har flotte naturopplevingar i Raundalselva. Eg vil nett presisera at elva også er fantastisk under Veko, men det er detaljar. Eg er samd med deg at me treng ein berekraftig kommuneøkonomi, og eg tykjer det er strålande at det framleis er folk som vil leva og halda kulturlandskapet i hevd i Raundalen. Me er vidare samde i at flaumsikringa er viktig. Altså står det att dette med kraftutbygging eller ei, som me nok ikkje vil einast om med det første.

FLAUMSIKRINGSSAKA kan handla om svært mange ting, og eg trur me her i kommunen gjer livet tungt for oss sjølve når det sklir så langt ut som det no har gjort. Me skaper oss motsetjingar som er til hinder for utviklinga av verdiar som både Tom og eg famnar om.

Eg meiner at saka ikkje burde dreia seg om me skal prioritera utviklinga av Raundalen eller betydinga av urørt natur, fritt rennande elvar og samkomet av menneske som leikar i naturen. Saka skal handla om kva moglegheiter ein har for flaumsikring gjeve dei føresetnadene som naturen og samfunnet har sett. Naturen har gjeve oss eit stort vassdrag og aukande nedbørsmengder, og samfunnet har lagt til grunn at ein skal verna nokre elvar mot inngrep. Her er kjernen i vår usemje, slik eg ser den.

SAK FOR SAK, klarar me som samfunn aldri å grunngje det å leggja vekk planar om tiltak med stor økonomisk verdi, for å la noko natur liggja urørt. Verdien av eit kraftverk er så konkret og sikkert, medan verdien av ei fritt rennande elv er så samansett og uhandgripeleg at engasjerte personar og handlekraftige lokalpolitikar som oftast vil velja kraftverket.

Du, Tom, gjev oss gode eksempel i dine overtydande argument: «No må me passa på at dette blir eit samfunnsnyttig prosjekt som gjer at Voss blir betre rusta i framtida.[…] Me treng politikarar som har visjonar og som vågar å prioritera. Nokre gonger må me prioritera alvor framfor leik.»

Det er lett å sjå verdien av kraftinntekter og veg. Verdien av «leik», friluftsliv og biologisk mangfald er lett å diskreditera og vanskeleg å verta overtydd av. Eit hundreår av erfaringar har synt Noreg at elvene våre forsvinn éi etter éi dersom dei berre vert ledd i reknestykke om Gwh, kroner og vegar.

I Stortinget er det difor brei politisk semje om verneplanane. Det er vår beste reiskap for å sikre naturmangfald og friluftsliv i økonomiens tidsalder. Vassdragsvernet kan diskuterast, som alt anna. Men denne debatten må takast på ansvarleg vis på eit nasjonalt nivå der ein ser kvar elv i samband med vår overordna nasjonale naturvernpolitkk.

ME MÅ LØYSA flaumsikringa, og me må setja omsynet til raundølene på dagsordenen. Men når me så hoppar vidare til at løysinga er kraftverk, har ein tatt saka opp til eit nivå der debatten brått må handla om endå alvorlegare ting enn padling, veg og grendaskular. Det spranget tener oss ikkje som lokalsamfunn.
Eg meiner Voss kommune er ein av få stader der vassdragsvernet har fått så tydelege positive konsekvensar for lokalt samfunnsliv som me ser gjennom tilflytting, Ekstremsportveko og turisme. Difor er det for meg feil at denne bygda skal stå i spissen for ein nasjonalt og lokalt opprivande konflikt som det vil vera å leggja ei verna elv i røyr.

Eg vil gjerne vere med å arbeida for utvikling i Raundalen, saman med raundøler som er for og mot vassdragsvernet. Det er nok sunt med usemje om dei store linjene i samfunnet. Men eg ber kommunestyret om ikkje å spela opp til kamp mellom interesser og verdiar som kan samarbeida og tena på kvarandre sin innsats. Leik i naturen og utvikling i Raundalen. Kvifor skulle det vera ei motsetjing?