Voladammen

Flaumsikring eller kraftutbygging?

Av Matias Ringheim

Dei mange lesarinnlegga om kraftutbygging i Raundalen har skapt eit visst inntrykk av at løysinga på flaumproblemet i Vossavassdraget alt er funne. Multiconsult, Voss kommune og NVE har lovd oss ein grundig fagrapport om flaumsikringstiltak. Der ventar eg mellom annan å finna ein diskusjon om korleis flaumsikringstiltaka skal betalast. Så vidt eg veit er det ingen politiske parti som på nasjonal nivå hevdar at flaumsikring i Noreg skal betalast med kraftutbygging i verna vassdrag? Dette er likevel brukt som føresetnad for kraftutbyggingsskissene i lokalavisa, og kan fort bli ein blindveg i flaumsikringsarbeidet.

[Les rapporten her: Moglegheitsstudie av Multiconsult]

Eit samandrag av føremålet med varig vern av norske vassdrag høyrer også naturleg til innhaldet i ein fagrapport om flaumsikring, saman med lovverket som gjeld. Restar av norsk vassdragsnatur vart berga etter den omfattande kraftutbygginga i forrige århundre. Det vart gjort eit skikkeleg registeringsarbeid. Både kraftpotensiale og andre viktige verdiar knytte til vassdraga vart kartlagde.

Resultatet er at Noreg i dag er omtrent sjølvforsynt med fornybar energi og samstundes har opphaveleg vassdragsnatur å visa fram for resten av verda – og for sjølvnyting. Det må vel seiast å vera bra balansekunst av norske politikarar! Vossavassdraget kom heilt i det norske toppsjiktet for verneverdi og er varig verna både mot kraftutbygging og andre store inngrep. Me kan enten gle oss over dette og utnytta det i marknadsføringa av bygda, eller drøyma vidare om kraftutbygging i nye tiår.

Det aller viktigaste føremålet med den komande rapporten må vera å få fram ein grundig gjennomgang av praktiske flaumsikringstiltak utan kraftutbygging. Fleire generelle tiltak vart nemnde på det opne møtet tidlegare i år. Det finnst masse internasjonal erfaring når det gjeld flaumareal, barrierer, diker og pumpesystem som kan verna Vangen og andre kritiske område mot flaumtoppar.

Vangsvatnet er både det største bassenget i vassdraget og hovudproblemet. Og truleg også løysinga. Frå før er Vangsvatnet permanent senka ved utløpet på Bulken og kan no ta imot om lag ein flaummeter meir enn før. Dette tiltaket kan betrast vesentleg med aktiv regulering og uttapping på forhånd når flaumfaren er stor, slik andre har gjort framlegg om. Ein meter senking av vatnet tilsvarar kapasiteten for den 60 meter høge og 3 km lange dammen som var planlagt i Raundalen på 1980-talet.
Skissene til kraftutbygging som har kome fram i diverse lesarinnlegg seier elles lite om konfliktar mellom flaumsikring og kraftutbygging. Av eksempel kan nemnast at ein dam for flaumreduksjon må vera omtrent tom når uvéret kjem, men må vera full for at kraftselskapa skal tena pengar. Dammen må liggja lågt i dalen for å fanga opp mest mogleg av flaumnedbøren til Vangsvatnet, men høgast mogleg viss målet er kraftproduksjon. Tilsvarande gjeld for uttak og overføring av vatn til nabokommunane. Ei permanent overføring av vatn frå Vossavassdraget har elles ein del andre, alvorlege konsekvensar.

Til slutt kan det vera verdt å nemna at vassdraget me gjerne reknar som «vårt» tilhøyrer heile 6 kommunar.