Flaumar på nytt

Av Trygve Refsdal

Det er reelt at det har vore ein auke i nedbøren på knapt tjue prosent i dei siste tiåra. I tillegg kjem det medieskapte. Før hadde me styggever nett den stunda det regna kraftig og det var flaum, no skriv media om ekstremver og flaum både lenge før og lenge etter sterk nedbør. Dei varslar også flaum når flaumen ikkje kjem.

Det media ikkje skriv om, er det som skjer i det stille. Det som vil dempa framtidige flaumar. Me ser i dag starten på ei betydeleg tilgroing i nedslagsfeltet. Det skuldast mindre beiting, auka temperatur, meir nitrogen i nedbøren og meir CO2 i lufta. Alt dette fremjar plantevekst og tilgroing. Og det me ser i dag er berre ein liten start, dette kjem med betydeleg større styrke no, i fleire ti-år framfor oss. Om temperaturen aukar med 2 C, noko som er sannsynleg, vil skoggrensa over tid lyfta seg med 350 meter.

Det betyr at store delar av mange elvar sitt nedslagsfelt vil endra seg på ein måte som gjev flaumdemping. Det gjeld ikkje minst Vossavassdraget, med både Strandaelva og Raundalselva.
I dag vert om lag 25% av nedbøren resirkulert direkte, som eit gjennomsnitt for landet. Det betyr at nedbør vert fanga opp, mest av skog og annan vegetasjon, og går oppatt i lufta ved fordamping eller sublimering. Dette vatnet kjem aldri fram til ei elv. Dagens prosentdel kan gå betydeleg opp med ei auka tilgroing.

I tillegg vil skog og ein rikare markvegetasjon, strølag og jordsmonn gje oss ei større evne til å ta i mot høg nedbør og halda på vatnet ei tid. Også det vil virka dempande på flaumtoppar. – Eg trur sume av dei som uttalar seg om flaumar ikkje forstår dette, og eg trur dette også kan gjelda sume prognoser som vert laga, med svak fagleg forankring.

Eg kjenner til dette frå arbeid i tropiske land, der skogområde i det me kallar «Water Catchments» er viktige for jamn vasstilgang til jordbruket og for å hindra skadeflaumar. I media høyrer me ofte om dramatiske flaumar der på grunn av ekstremver. Men den reelle grunnen for det som skjer her finn me ofte lokalt. Me finn avskoging og uheldig bruk av jordressursar, som gjev degraderte landområde, med lateritdanning og erosjon, og liten kapasitet for å halda på nedbøren. Det gjev store svingingar i avrenninga, med flaum og turke som resultat.
Altså det nett motsette av det som naturleg vil skje i våre nedslagsområde.