Innspel frå Voss Jeger- og Fiskarlag

Nokre år etter flaumsenkinga av Vangsvatnet i 1991 var Vossolaksen i praksis utrydda. Den gong vart anleggsarbeida gjennomført utan noko som helst form for vernetiltak for den verdifulle laksebestanden i vassdraget.

Sjå Rapport om flaumsenkinga i 1991

Denne vart laga av engasjerte medlemer av lokale fiskarlag: Voss Jeger- og Fiskarlag, Evanger Sportsfiskarlag og grunneigarlaga nedstrøms Vangsvatnet.

Me såg at anleggsarbeida vart gjennomført utan noko som helst form for vernetiltak for den verdifulle laksebestanden i vassdraget. Me ville difor dokumentera det me såg og opplevde, for me frykta at dette kom til å få store negative konsekvensar.

Nokre år etter inngrepa, utover på 90- talet, var vossalaksen i praksis utrydda. Dei fleste som hadde litt kunskap om laks, såg at bestanden fekk alvorleg knekk vinteren 1991. Pga at dette var eit offentleg inngrep, så var ansvarsforholda slik at det var vanskeleg for fiskarlag og grunneigarar å krevja erstatningar og kompenserande tiltak for inngrepa.

Me brukte mykje tid og krefter overfor fiskeforvaltinga og Direktoratet for Naturforvalting med å påpeika skadeomfanget av anleggsarbeida. Me trur at dette har vore med på å påverka forvaltinga til å gjennomføra ein omfattande redningsaksjon for at Vossalaksen skal overleva ( «Vossoprosjektet»). Det har vorte brukt mange millionar offentlege kroner til dette, og oppdrettsnæringa har også teke del. Såleis er dette på mange måtar eit fantastisk samarbeidsprosjekt som mange er svært takksame for.

Situasjonen for vossalaksen er framleis svært kritisk. Slik det er i dag, er det svært usikkert om den vil overleva utan dei kunstige tiltaka som årleg vert utført.

Forskinga har ikkje svar på alle spørsmåla om kvifor utgåande smolt ikkje kjem attende til vassdraget som gytemoden laks. Samanlikna med andre vassdrag, så er det i utvandringsruta for vossalaksen svært mange faktorar som hindrar smolten i å overleva og å koma raskt ut til dei viktige oppvekstområda i havet.

Dersom det no skal koma endå fleire inngrep som får negative fylgjer, så meiner me at det er nyttelaust å ta vare på denne fantastiske laksebestanden. Spesielt fryktar me ei kraftutbygging i Raundalselva, som me ser vil vera svært negativ, og medføra endå meir skadeomfang. I så fall vil mykje av dei offentlege midlane som i seinare år har vore nytta i Vossoprosjektet vera bortkasta.

Så me vonar at det vert lagt vekt på løysingar med flaumdempingstiltak som i sterkast mogeleg grad tek omsyn til dei verdfulle fiskebestandane i heile vassdraget. Den vedlagte rapporten er meint å informera om korleis anleggsarbeid ikkje skal utførast. Om det vert inngrep i utløpet av Vangsvatnet, så aksepterar me dette, men håpar at det no vert teke omsyn til det biologiske liv i vassdraget.

Vedlagt også eit bilde frå den siste gode laksesesongen i 1987. Dette syner fangsten i Bolstadelva ei god føremiddagsøkt med 12 typiske vossalaksar, dei største på vel 15 kg. Dei to minste var under 10 kg, og desse vart ikkje «rekna med»! –  Biletet vart teke av Minto Wilson som administrerte laksefisket for dei engelske leigetakarane.

Voss, 18.10.2016

Voss Jeger- og Fiskarlag,

Ole Kristian Skorve.