Innspel frå Ekstremsportveko

Ekstremsportveko er eit resultat av nærleik til urørt natur på Voss.

Vi har som visjon å bli verdas beste ekstremsportarrangement. Vi er på god veg til å kome dit, men for å klare dette er vi heilt avhengig av at vossingar står samla om å verne dei viktigaste verdiane og rammevilkåra til arrangementet. Utan eit verna vassdrag er det umogleg å tenkje langsiktige strategiar for å oppnå eit resultat. Voss og naturen er arenaen vår. Føresetnaden for vår planlegging er å kunne vite om den naturen vi kjenner i dag, eksisterer i framtida!

Sjå heile innspelet frå Ekstremsportveko her.