Imperialisme Voss? -Innlegg i BT

Av Trygve Refsdal, Voss.

Formannskapet i Voss kommune gjekk nyleg inn for å ”avverna” Raundalsvassdraget.
Det er eit vassdrag som er gjeve varig vern i vår nasjonale verneplan. Dette er ei prinsipielt
viktig sak, og kan opna opp for utbygging av fleire norske vassdrag som er varig verna.
Bakgrunnen for dette er at BKK, Voss kommune og Voss Energi har lagt fram planar
for ei storstilt utbygging av Raundalselva og sideelvar. Prosjektet vert framstilt som
ei ”skånsam” utbygging, men er i realiteten ei hardhendt utnytting av vatnet i hovudelva og i
sideelvar, med ei utnyttingsgrad på 70%. Dette er ei sterkare utnytting enn i mange
tilsvarande utbyggingar av flaumkraftverk, i elvar som ikkje er verna.
Då Voss formannskap gjorde sitt siste vedtak tok dei ikkje omsyn til at nær halvdelen
av vassdraget sitt nedslagsfelt ved inntaket på Reimegrend ligg i Ulvik og Aurland
kommunar. Desse kommunane rår over vel 176 av i alt 356 kvadratkilometer nedslagsfelt.
Vedtaket kan oppfattast slik at elvar og vatn også i desse kommunane bør ”avvernast”.
Kanskje det hadde vore ein idé å ta desse kommunane med på råd i saka? Eg snakka med ein
politikar i Aurland, og han sa: ”Eg trudde at når ei elv er varig verna, så er ho verna for godt.”

Starten på saka var like ille. Planlegginga av utbygginga var i løynd, – i regi av
Voss kommune og BKK. Det fyrste planutkastet omfatta bygging av kraftverk i to varig
verna sideelvar i Aurland kommune, utan at Aurland kommune var kontakta. Det vart,
like eins, planlagt bygging av to kraftverk i Slondalen i Ulvik kommune, i eit stølsområde.
Korleis kunne Voss kommune og BKK planlegga kraftutbygging i verna sideelvar i
grannekommunane?
Kva meiner Fylkesmannen i Hordaland om ein slik framgangsmåte? Og kva meiner
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane? – Var det ikkje slik europeiske kolonimakter dreiv på i
Afrika i ei fjern fortid?