Kort oppsummering av hendingar i Raundalselva saken

1986: Stortinget verner Vossovassdraget i verneplan lll. Vernelaget for Vossovassdraget vert gjort om til Voss naturvernlag.

April 2010: Voss kommune, Bkk og Voss energi legg fram ein rapport som viser ulike forslag til utbygging av Raundalselva. Frå Voss kommune si side var det dåverande ordførar Gunn-Berit Lunde og rådmann Einar Hauge som var initiativtakarar medan resten av det politiske miljøet i kommunen var uvisse med arbeidet. Rapporten var prega av svake argument og usanne konklusjonar som fort vakte debatt i kommunen. Ein av konklusjonane var at ei utbyggjing ville gi betre høve for elvesport. Då ei minstevassføring på 6 m2 vil gjere det umogleg å ta ein raft ned elva måtte ein representant frå miljøet be kommunen om å fjerne dette frå rapporten.

Mai 2010: Protestar, demonstrasjonstog gjennom Voss sentrum. Sjå video her.

Mai 2010: Kommunestyret omformulerte “Raundalsutvalet” frå eit utval som kun skulle sjå på utbyggjing til å innkludere anna verdiskapning i dalen. På bakgrunn av dette fekk dei gå vidare med saken om å få oppheva vernet. Likevel var fleirtalet knapt og ordførarens eige parti, AP, sterkt splitta i saken. Utvalet som vert sett ned skal gjennomføra 4 gruppemøter og leggja fram ein sluttrapport til våren 2011.

September 2010: Det fyrste møtet i utvalet er gjennomført og tema var utbyggjingsalternativ og status veg. Finansiering til opprustning av vegen opp i dalen er eit sterkt argument dei brukar for å få lokalbefolkningen med seg, sjølv om dette er ein fylkesveg. Utvalet har stemning for det utbyggingsalternatvivet som tar mest av elva og gir størst inngrep. Her vil ein ta alt – eller ingenting.

Oktober 2010: Raundalsutvalet har hatt møte nr 2. Denne gong var tema reiseliv og vannsport. Visit Voss har lagt ut notat frå møtet her. Anne Grethe i Destinasjon Voss hadde ein presentasjon om potensialet til resiselivet på Voss, den kan lesast her.

November 2010: Tema for det 3. møtet i raundalsutvalet var vegutbetringar, landbruk, fiske og biologisk mangfald. Visit Voss har lagt ut notat frå møtet her.

Februar 2011: Fjerde møtet til rarundalsutvalet er gjennomført. Notatet frå Visit Voss kan lesast her.

Mars 2011: Rapporten er offentleggjort og ikkje uventa er konklusjonen at representantane frå kraftselskapa, grunneigarane i dalen og ordføraren tilrår kraftutbyggjing i Raundalen. Den endelege rapporten som er komponert av mellom anna BKK sine innleigde konsulentar og rådgjevarar kan lesast her.

Mai 2011: Voss kommune vedtek å gå jobba vidare med å få oppheva vernet i Raundalselva slik at den kan byggjast ut. Styret var splitta på midten og vedtaket vart avgjort med ordførarens dobbelstemma. Dersom oppheving av vernet lukkast står også resten av den nasjonale verneplanen i fare for å rakne. Ingen av dei norske elveperlene kan vere trygge. Bergens tidene har skreve denne artikkelen om saka.

Juni 2012: Ordførar Hans Erik Ringkjøb får aksept for eit forslag om at kommunen skal avslutta sitt arbeid om vasskraftutbyggjing i Raundalselva, og saka vert sendt over til sentrale myndigheiter.

Vedtaket som vart gjort av kommunestyret representerte ei avslutting av saka frå kommunen sitt hald, og då det var kommunen som i utganspunktet starta saka, må ein rekna saka som avslutta i denne omgang.