Tysdag 30.08.11 var eg så heldig å få vere med Voss Klekkeri på utsetjing av lakseyngel i Raundalselva.

Voss Klekkeri får egg frå ein levande genbank i Eidfjord, som leverer egg frå den særskilte Vossolaksen som høyrer heime i Vossovassdraget. Kvar elv har sin særskilte laksestamme, og Vossolaksen er kjend for å vere truleg verdas største atlantiske laks. Fisken er utklekt på Voss Klekkeri, og har no symt rundt i store tankar sidan i vår, og fått ein god og trygg start på livet.

img_9119

Her er fisken som snart skal få mykje større plass å boltra seg på.

img_9130

Monika Haugland er biolog og jobbar ved Voss Klekkeri og hjå Fylkesmannen. Her hentar ho opp fisken som skal setjast ut.

img_9131

Fisken vert vegd, slik at ein veit ca kor mange fisk som vert sett ut. Kvar fisk veg ca 3 g og er ca 5 cm lang. Kvar einaste vetle fisk er merka ved at den er fettfinneklypt, slik at ein veit om det er fisk frå Voss klekkeri som kjem attende til elva. Dette vert gjort ved at dei bedøver fisken og klypper av den bakerste finna på ryggen til fisken.

img_9126

Geir Ove Henden som er dagleg leiar ved Voss Klekkeri og Oddvar Drevsjø som også jobber ved Voss Klekkeri er her i full gang med å pakka fisken i posar. Ca 1,5 kg fisk vart pakka i kvar pose, som so vart tilsett oksygen.

img_9146

Ekte Vossolaks!

img_9135

Me køyrde opp til militærleiren i Bømoen, og her vart fisken sett fri i sitt rette element. Litt og litt fisk vart fordelt oppover og nedover i elva.

img_9148

Fisken vart sett ut så raskt som mogeleg, og pilte straks vekk og gøymde seg rundt steinane i Raundalselva. Ein vonar at ein del av dei utsette fiskane skal overleva og om 2-3 år vandra ut i havet, for så å koma attende til Vossovassdraget. Det er mange farer som lurer på vegen, så kanskje berre nokre få prosent av dei som vert sett ut vil koma attende.

img_9159

Det må vera fint å få veksa opp her vel?

I det siste har det vore rapportert om at det er mykje Vossolaks på veg oppover i nedre delar av Vossovassdraget. Her kan du sjå ein snutt frå Vestlandsrevyen: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.7766541

Sannsynlegvis er det fisk frå merdanlegget på Evanger som no kjem attende. Denne fisken er litt større (smolt) når den vert slept ut i havet. Den er dessutan vaksinert mot lakselus, og har soleis ein del fordelar framfor fisken som må koma seg heilt frå elva og ut i havet på eiga hand. Ein håper no at denne fisken vil bidra til at ein på sikt kan få ein Vossolaks stamme som kan klare seg på naturleg vis.

I Palmafossen er det ei laksetrapp, og ein har no sett opp eit kamera på toppen av laksetrappa, slik at ein kan telja kor mykje laks som kjem opp elva.

img_9165

Her inspiserer Oddvar og Monika kameraet.

Det vert spennande og sjå om det no også kjem laks oppover i Raundalselva ettersom det er ein del laks på veg oppover lenger nede i vassdraget.

Ein veit ikkje heilt sikkert kor langt laksen kan gå oppover i Raundalselva, men Geir Ove meiner den bør kunne gå forbi både fossen Sarpen og Bøfossen, og slik koma seg eit godt stykke oppover i elva, kanskje til Skiple.

Dersom du vil lesa meir om Voss Klekkeri og det spennande og viktige arbeidet dei gjer, kan du sjekka ut heimesida deira her: http://vossklekkeri.no/index.php/894267