Raundalselva får renne fritt – enn så lenge

På kommunstyremøte 16. februar 2017 slutta representane seg til å sjå bort frå kraftutbygging i Raundalselva for denne gong. NVE skal utgreie tiltak for flomforebygging, og dette vil iflg NVE vere klart i mars 2018. Det vart også sett saman eit arbeidsutval frå Voss kommune si side, beståande av: Hans-Erik Ringkjøb (Ap), Sigbjørn Hauge (Sp), Arnfinn Gjerdåker (SV) og Iril Schau Johansen (H).

Med dette ser det ut som Raundalselva får renne fritt, ei stund til i alle fall. Sjå full artikkel i Avisa Hordaland: http://www.avisa-hordaland.no/nyhende/full-flaumsemje