Millionbutikk for Voss

Artikkel i Avisa Hordaland 26. oktober 2016:
Veko er blitt millionbutikk. Ekstremsportveko, Voss Vind og Voss Active nådde i 2015 samla omsetningstal på nær 44 millionar kroner.

Bedriftene er starta opp av folk frå samme miljø, som har gjort leiken til eit samfunnsnyttig levebrød. Dei samarbeider, speler på kvarandre sine unike kvalitetar. Voss Active sel flygeturar, og Voss Vind sel raftingturar. Sjå til dømes eit slikt pakketilbod her: Vind & Vatn. Lat oss sjå kva Voss Active aleine genererer av inntekter til bygda:

Dei som kjem til Voss grunna rafting treng også overnatting, servering og transport. Dei oppsøker gjerne fleire opplevingar i sitt besøk på Voss. Dette genererer 46,5 mill kroner i samfunnsmessig omsetning.

Kjelde: Transportøkonomisk Institutt

I byrjinga av sesongen raftar ein i Strandaelva. Men utover sommaren, når snøen minkar i fjella, har Strandaelva for lite vatn til å kunne raftast i. Då vert raftingturane flytta til Raundalselva. Nokre sesongar skjer dette tidleg, andre sesongar seinare, det veit ein ikkje på førehand. Men for at Voss Active skal ha forutsigbare nok utsikter til å ansette guidar, selge produkt gjennom turoperatørar og investere i utstyr, MÅ dei vite at dei kan tilby rafting heile sesongen. Det kan dei ikkje uten Raundalselva.

Mike Abbott vart lokka til Voss av frittrennande elver. Her gir han turistane ei uforgløymeleg oppleving i elva.

Voss Active er også avhengige av dyktige elveguidar som vil bruke kompetansen sin på Voss. Å bli kvalifisert elveguide for slike elver som me har på Voss krev visse ferdigheiter.

Å føra uvitande turistar sikkert ned ei frådande elv inneber fleire år med erfaring, kursing, trening og ikkje minst spesielle personlege eigenskapar. Guidane må vise tryggleik og inngi respekt. Dei må vere underhaldande og beroligande. Dei må læra seg alle krinklar og krokar i elva, på alle moglege vannstander. Dei må konstant vere beredt på å handtere uforutsette hendingar på knapp tid. Ja, elva er vakker men den er også livsfarleg utan kvalifisert guide.

Verdskjende fotografar og store mediahus vert også trollbundne av slike motiv: https://www.instagram.com/p/BHSapMZhPUB/.

Det viktigaste trekkplasteret Voss har for slike ressurspersonar er naturområde som Raundalen. Bygg ein liten inntaksdam på Reime. Fjern deler av elva. Og vink farvel til slik kompetanse.

Frå Skiple i Raundalselva. Slike bilete lokkar både turistar og viktig kompetanse til Voss.

Vil Voss ha elveaktivitetar i si portefølje av sterke opplevingar?

Då treng Voss kompetente folk som kan utføre aktivitetane. Og desse folka treng gode grunnar til å opphalde seg i ei bygd med ustabilt vestlandsvær ein heil sommarsesong.

Frå kajakkutfor under Ekstremsportveko. Kan kun arrangerast av erfarne elvefolk.

Beklagar. Men utan ei urørt Raundalselv har ikkje Voss nok trekkplaster for desse gullfuglane. Me kan velja å halde på dei saman med alt i samfunnet som bygger på deira kompetanse, eller me kan velja kraftutbygging.