Årets verdsmeistarskap i brattpadling vart for andre år på rad vunnen av Sam Sutton frå New Zealand. Det gler mang ein vernar å sjå at stjerna padlar med Vern Raundalselva klistremerket som han fekk under ekstremsportveko på Voss i år. Sutton har reist verda rundt for å oppleva ulike elver og dette er kva han tykkjer om elva vår:

“The Raundalselva is by far one of the coolest rivers in the World, never have I seen a river with so many characters, from big waterfalls to huge waves. It is one of the biggest highlights for any kayaker wishing to go Kayaking in Norway, with out this river Norway’s kayaking reputation would suffer hugely.
It is sad to see that even a country as sophisticated as Norway is still trying to create energy by destroying a beautiful natural environment, when money should be spent to increase power generation in existing power plants and dams.” -Sam Sutton

Biletet over er frå “hotseat” etter å ha satt banerekord under VM.

Arrangementent finn stad kvart år i Öetz i Austerrike. I år kjempa 127 menn og 8 kvinner om verdsmeistartittelen. Våre eigne Dag Sandvik og Benjamin Hjort representerte også, dei kom begge vidare etter første kvalifiseringsrunde. Her kan du sjå meir om konkurransen http://www.adidas-sickline.com

Verdsmeistaren i “fint driv” nedover løypa:

samsutton_worlds

Foto: Michael Neumann