Debatt om Vassdragsvern

Kampanjen Redd Elvene arrangerte i dag debatt om vassdragsvern i Voss kulturhus. Dei inviterte debattantane var

– Lars Haltbrekken, leiar i Naturvernforbundet
– Sigbjørn Hauge, varaordførar i Voss
– Bjørn Lødemel, Stortingsrepresentant i Energi- og miljøkomiteen frå Høgre
– Sven Anderssen, Generalsekretær i Padleforbundet

Diverre vart panelet noko skeivt då varaordførar Sigbjørn Hauge glimra med sitt fråvær. Bjørn Lødemel vart kåra til debattens modigste mann som einaste representant i panelet for dei som ynskjer utbyggjing.

I publikum var det alt frå naturvernarar, padlarar, utanlandske turistar og friluftsinteresserte til grunneigarar og “innfødte” raundøler. Lokalpolitikarar frå Voss Venstre, SV, Raudt var også å finna i salen og hadde gode innlegg for vidare vern av vassdraget.

Haltbrekken i Naturvernforbundet fortalde om kor mykje kraft me har berre i energi-effektivisering. Han uttrykte også stor bekymring for dei andre elvene i verneplanen dersom me startar no med å oppheve vern. Lødemel kunne ikkje sei at Høgre såg noko klar grense for kor mykje av norske vassdrag dei vil gjere inngrep i, men sjølv såg han absolutt verdien av å lata noko vere urørt. Her er eit gratis tips til Høgre: om de ikkje ynskjer inngrep i ALLE norske vassdrag – tenk gjennom kva elver de kunne tenkja dykk å spara. Eller vent, endå ein ting gratis: dette er allereie gjort! 🙂

Elles hadde grunneigar Tormod Skiple eit tankevekkjande innlegg som naturleg nok dei fleste raundøler er opptekne av: Betring av veg og verdiskapning i dalen. Er det mogleg å få til dette uten å ofre elva? Mange meiner at verdiskapningen kan koma nettopp frå den frittrennande elva og den fantastiske naturen i Raundalen. Her er det stort potensiale og ein betre veg vil vel naturleg følge etter? Berre se på Myrkdalen, dei fekk jo tunnell! Kan nokon komma på ein lur måte å framskunda dette med å få betra vegen? Lødemel lova å ta med seg forslaget til Lars Mosefinn til stortinget: Gi tilskot til kommunar som sit på verna natur. Slik at det ikkje kun løner seg å byggja ut!