Raundalselva får renne fritt – enn så lenge
Raundalselva ser ut til å få renne fritt, ei stund til i alle fall.
Raundalselva ser ut til å få renne fritt, ei stund til i alle fall.
Raundalselva har vore under fleire åtak for vasskraftutbygging. Etter framlegga frå energiselskapa i 2016-2017 såg me behov for ei ny opplysningsbrosjyre. Den tek for seg eit overordna fokus på kor viktig Vossovassdraget med Raundalselva er for reiselivet, bulysta og næringslivet på Voss.
BKK prøvde seg på dette området allereie på 1980-talet, og ser fortsatt ikkje ut til å gi opp håpet.
Her finn ein dei ulike laga sine høyringsfråsegner til Flaumsikring av Vossovassdraget.
Flaumvollar og opparbeiding av flaumdempande vegetasjon kan sikre utsette område ovanfor Vangen mot flaumar, dei kan vere estetisk vakre og utvide rekreasjonsområda langs vassdraga. Moglegheitene er mange, og dei treng ikkje vere grusomt kostbare. Multiconsult har utgreid flaumvollar som eit mogleg alternativ, og det vil vere naturleg å utgreie kor effektive slike tiltak kan være.
Multiconsult har utarbeida moglegheitsstudie for flomsikring i Vossovassdraget. Dei tek for seg effekt og kostnad av tiltak som skal dempa flaumtoppane i vassdraget.
Millionbutikk for Voss Artikkel i Avisa Hordaland 26. oktober 2016: Veko er blitt millionbutikk. Ekstremsportveko, Voss Vind og Voss Active nådde i 2015 samla omsetningstal på nær 44 millionar kroner. Bedriftene er starta opp av folk frå samme miljø, som har gjort leiken til eit samfunnsnyttig levebrød. Dei samarbeider, speler på kvarandre sine unike kvalitetar. Voss Active … Continue reading “Millionbutikk for Voss”
Trygve Refsdal: Kanskje me også på Voss bør setja pris på naturområda våre, og ikkje berre tenkja på teknikk, tunellar og dammar. Om dei tala som våre flaumutgreiingar byggjer på skulle vera rette, så vil skoggrensa stiga med om lag 600 høgdemeter fram mot år 2100. Om så skjer, så vil tilgroinga koma naturleg. Heilt gratis. Fyrst vier, selje og rogn, så bjørk og fure og gran, kanskje mest av det siste.
Før ein bestemmer seg for store forsøk på å kontrollera vatn i bevegelse, bør ein då ikkje snu kvar stein og sjå på både enkle, mindre tiltak og potensiell reversing av tidlegare påfunn?
Dag Sandvik: Leik i naturen og utvikling i Raundalen. Kvifor skulle det vera ei motsetjing?