27/11/2016

Lesarinnlegg: Naturen kan leva utan oss – men me kan ikkje leva utan naturen

Toril Hunnålvatn: Me har ansvar for å ta naturen og komande generasjonar på alvor. Å verna naturen – denne gongen Raundalselva – er ikkje for å skaffa våre born ein arena for padling eller anna, men for å gje våre etterkomarar ein haldningarv – verd meir enn noko anna. Lovfesta naturvern er jo eit tiltak for å verna naturen mot – nettopp oss menneske.