31/01/2017

Vernebrosjyre 2017: Berekraftig flaumsikring i Vossavassdraget

Raundalselva har vore under fleire åtak for vasskraftutbygging. Etter framlegga frå energiselskapa i 2016-2017 såg me behov for ei ny opplysningsbrosjyre. Den tek for seg eit overordna fokus på kor viktig Vossovassdraget med Raundalselva er for reiselivet, bulysta og næringslivet på Voss.

25/01/2017

Millionbutikk for Voss

Millionbutikk for Voss Artikkel i Avisa Hordaland 26. oktober 2016: Veko er blitt millionbutikk. Ekstremsportveko, Voss Vind og Voss Active nådde i 2015 samla omsetningstal på nær 44 millionar kroner. Bedriftene er starta opp av folk frå samme miljø, som har gjort leiken til eit samfunnsnyttig levebrød. Dei samarbeider, speler på kvarandre sine unike kvalitetar. Voss Active … Continue reading “Millionbutikk for Voss”

01/07/2011

Norges Naturvernforbund inspiserer Raundalselva

Norges Naturvernforbund inspiserer Raundalselva På tysdagen i Ekstremsportveko fekk leiar i Noregs Naturvernforbund seg ein padletur for å sjå den vakre elva på nært hold. Han vart ikkje mindre motivert for å fortsetja arbeidet med vern etter turen med Dag Sandvik i Kayak Voss. Sjå bileta frå turen:

25/06/2011

På tur langs Raundalselva

I dag gjekk Lars-Georg seg ein tur langs elva med vår 3 mnd gamle son. Lars-G har nettopp lært seg ein foto-teknikk som han ville prøva ut, og det manglar ikkje på flotte motiv i denne dalen! Til informasjon var vannstanden 60 m3/sek. HDR-bilete, teke frå hengebrua på Skiple. Skipadalsnuten (1496 moh) ruver i bakgrunnen: Lindbergshølen på Urdland: Emil … Continue reading “På tur langs Raundalselva”