Lesarinnlegg: Våte draumar og urørte vassdrag
Gudmund Skjeldal: Naturens eigne hender har ein verdi. Å ana korleis ei elv har filt seg ned i berget, litt og litt, gjer ein klokare på kva tid – og tolmod – er. Mennesket er mektig med sin oppfinnsame hjerne og sine dyktige hender, men mennesket er også ein liten maur. Brått er vi viska bort. Vi har berre kloden til låns. Set vi oss heilt til herre over naturen, slår han tilbake mot oss.