31/01/2017

Vernebrosjyre 2017: Berekraftig flaumsikring i Vossavassdraget

Raundalselva har vore under fleire åtak for vasskraftutbygging. Etter framlegga frå energiselskapa i 2016-2017 såg me behov for ei ny opplysningsbrosjyre. Den tek for seg eit overordna fokus på kor viktig Vossovassdraget med Raundalselva er for reiselivet, bulysta og næringslivet på Voss.

Vollar som lokal flomsikring

Flaumvollar og opparbeiding av flaumdempande vegetasjon kan sikre utsette område ovanfor Vangen mot flaumar, dei kan vere estetisk vakre og utvide rekreasjonsområda langs vassdraga. Moglegheitene er mange, og dei treng ikkje vere grusomt kostbare. Multiconsult har utgreid flaumvollar som eit mogleg alternativ, og det vil vere naturleg å utgreie kor effektive slike tiltak kan være.

19/01/2017

Skog og flaumdemping

Trygve Refsdal: Kanskje me også på Voss bør setja pris på naturområda våre, og ikkje berre tenkja på teknikk, tunellar og dammar. Om dei tala som våre flaumutgreiingar byggjer på skulle vera rette, så vil skoggrensa stiga med om lag 600 høgdemeter fram mot år 2100. Om så skjer, så vil tilgroinga koma naturleg. Heilt gratis. Fyrst vier, selje og rogn, så bjørk og fure og gran, kanskje mest av det siste.

30/11/2016

Store elvar og menneskeskapte verdiar

Før ein bestemmer seg for store forsøk på å kontrollera vatn i bevegelse, bør ein då ikkje snu kvar stein og sjå på både enkle, mindre tiltak og potensiell reversing av tidlegare påfunn?

27/11/2016

Lesarinnlegg: Naturen kan leva utan oss – men me kan ikkje leva utan naturen

Toril Hunnålvatn: Me har ansvar for å ta naturen og komande generasjonar på alvor. Å verna naturen – denne gongen Raundalselva – er ikkje for å skaffa våre born ein arena for padling eller anna, men for å gje våre etterkomarar ein haldningarv – verd meir enn noko anna. Lovfesta naturvern er jo eit tiltak for å verna naturen mot – nettopp oss menneske.