31/01/2017

Vernebrosjyre 2017: Berekraftig flaumsikring i Vossavassdraget

Raundalselva har vore under fleire åtak for vasskraftutbygging. Etter framlegga frå energiselskapa i 2016-2017 såg me behov for ei ny opplysningsbrosjyre. Den tek for seg eit overordna fokus på kor viktig Vossovassdraget med Raundalselva er for reiselivet, bulysta og næringslivet på Voss.

23/01/2017

Vollar som lokal flomsikring

Flaumvollar og opparbeiding av flaumdempande vegetasjon kan sikre utsette område ovanfor Vangen mot flaumar, dei kan vere estetisk vakre og utvide rekreasjonsområda langs vassdraga. Moglegheitene er mange, og dei treng ikkje vere grusomt kostbare. Multiconsult har utgreid flaumvollar som eit mogleg alternativ, og det vil vere naturleg å utgreie kor effektive slike tiltak kan være.